Sogn og Fjordane SV hadde årsmøte i Førde i helga.

Fylkesstyret i Sogn og Fjordane vart valt på nytt, men utan dei store endringane.

Bjarte Lending gjekk av som 1. vara, og vart erstatta av Kari Bergset frå Eid.

Styret elles består med Vibeke Johnsen (Sogndal) som leiar, Steinar Øydvin (Sogndal) som nestleiar, Eldrid Skudal (Gaular) som nestleiar, Åsmund Berthelsen (Naustdal) som styremedlem, Ann Kristin Førde (Fora) som styremedlem og Gaute Losnegård (Askvoll) som styremedlem.

1. vara er Kari Bergset (Eid), 2. vara er Vigdis Heimdal Reksnes (Eid), 3. vara er Joakim Janninge (Fjaler).

På årsmøtet har 41 delegatar og elleve observatørar diskutert regional politikk og utvikling av organisasjonen. I ei pressemelding fortel SV at dei heldt årsmøte saman med Hordaland SV, noko som prega årsmøtet.

– Det var fylkesvise årsmøte, men også ein fellesdel med Hordaland SV, skriv Morten Heszlein-Lossius, distriktssekretær.

Det blei diskutert mykje politikk, men på grunn av den kommande samanslåinga vart organisasjon også eit viktig punkt.

– Korleis skal vi sikre og utvikle lokaldemokratiet, både internt i partiet, men også i et fylkes, som skal få eit nytt kommunekart, og eit Noreg, som skal få eit nytt fylkeskart, vart diskutert.

Årsmøtet vedtok fire fråsegner: om at kommunane må seie opp avtala med Orange helse snarast, om energipolitikk, om å la Abenezer bli i Sogndal trass nedlegging av asylmottaket og stopping av gruveavfall i norske fjordar. Det kjem fram i pressemeldinga.