Johnsen er i dag partileiar i fylket og var førstekandidat ved førre val. Komiteen skildrar ho som ei uredd stemme.

«Ho kan SVs politikk godt, er trygg og god i debattar, har etter kvart opparbeidd seg eit godt nettverk blant sentrale SV-arar. Dette er særleg viktig all den tid vi pr. no ikkje har stortingsrepresentant. Det at ho ikkje er ny denne gongen, trur vi vil føre til at det er lettare å drive valkamp og komme igjennom i media», skriv dei i ei pressemelding.

På andreplass har komiteen innstilt Gaute Losnegard, lokallagsleiar i Askvoll SV. Dei skildrar han som grundig, uredd og engasjert. På tredjeplass har nominasjonskomiteen innstilt Hege Lothe, tidlegare fylkespartileiar – no kommunerepresentant i Gloppen, verv.