Utset dei statlege arbeidsplassane endå litt til

ÅRSMØTE: Sveinung Rotevatn under talen til fylkesårsmøtet.

ÅRSMØTE: Sveinung Rotevatn under talen til fylkesårsmøtet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Venstre har fått tyn frå Senterpartiet for at det dreg ut med dei statlege arbeidsplassane dei lova å flytte ut i distrikta. No utset Sveinung Rotevatn dei enno ein gong.

DEL

– Utan Venstre ville Sogn og Fjordane fylke hatt 93 millionar kroner mindre i året å bruke på gode skular, gode vegar og eit godt kulturtilbod, sa Rotevatn i sin tale til fylkesårsmøtet i Venstre som går av stabelen i Sogndal denne helga.

– Burde du ikkje då tatt med at de har støtta ei regjering som har skore løyvingane til fylkeskommunen ned med 224 millionar årleg?

– Eg nemnde i talen min at det som skjedde i 2014 var at ein la om inntektssystemet for kommunane, og det kom fylket vårt veldig dårleg ut av, det er rett, men så vidt eg kan sjå så held alle partia seg til å vidareføre inntektssystemet. Men det å tru at ein kunne fortsette utan at ein skulle få ei inntektsjustering av fylkeskommunane utan å sjå på folketal, det var ikkje realistisk.

Val på fylkesårsmøtet

Styret i Venstre sitt fylkeslag ser slik ut etter valet på årsmøtet:

Gunnhild Berge Stang er framleis leiar. Ho var ikkje på val.

Peder Lofnes Hauge går ut, medan Daniel Gangeskar er ny nestleiar.

Alfred Bjørlo går av som nestleiar og er no styremedlem.

Kommunane har fått betre tider med Venstre på regjeringslaget, meiner Rotevatn:

– Ja, 2015 var det året med best økonomisk resultat i kommunane på over ti år.

– Det seier vel berre noko om korleis dei har tilpassa seg det til ei kvar tid tilgjengelege inntekter?

– Nei, det seier noko om kor mykje dei har hatt å rutte med for å levere dei tenester dei skal.

3000 fleire jobbar i fylket

– I talen din seier du at «Fylket vårt opplever no god tilvekst av både folk og arbeidsplassar. Venstre si rolle på Stortinget har vore viktig». Det at vi har unngått den arbeidsløysa som no rammar dei andre Vestlandsfylka, det har vel meir med at vi hadde få arbeidsplassar i oljebransjen å gjere, og ikkje så mykje med kva Venstre har gjort i regjering?

– Ja, det at arbeidsløysa som har råka andre ikkje har ramma oss på same vis, det skuldast at ein har hatt fleire bein å stå på i vårt fylke. Men det er ikkje berre det at vi har unngått vekst i arbeidsløysa, sysselsettinga har gått opp, det er nesten 3000 fleire jobbar i fylket no enn det var ved sist val.

– I talen til fylkesårsmøtet sa du og at «Venstre har tatt kampen, og sikra at fylket vårt får 30–40 millionar kroner kvart år til å sikre breiband – og fiberutbygging». Er ikkje det ein fullstendig sjølvsagt ting, at vi her i fylket skal ha like godt breiband som elles i landet?

– Jau, det meiner eg at det er. Men det har ikkje vore regjeringa sitt utgangspunkt. Dei har ikkje lege på det nivået, vi har fått oppjustert det beløpet betrakteleg.

Utset arbeidsplassane

– For snart eitt år sidan figurerte Alfred Bjørlo og Gunnhild Berge Stang på nettsida til Venstre og sa med store bokstavar at NO KJEM STATLEGE ARBEIDSPLASSAR (til distrikta). Dei har vi enno ikkje sett. Kor lenge blir det til?

– Det må skje i løpet av våren, i alle fall før påske. Vi har sete over lengre tid og forhandla med regjeringa om dette, kva ein skal flytte ut og kor stort volum. Eg er optimistisk på at det her vil bli ei utvikling av eit visst volum.

– For fjorten dagar sidan sa Gunhild Berge Stang at det skulle offentleggjerast i løpet av februar, og no seier du «før påske».

– Det er ingen ting som er bestemt, vi jobbar så fort som mogleg, men aller siste frist er før påske.

– Den siste store sigeren Venstre fekk gjennom på miljøsida, var at bensin og diesel vart ei krone dyrare. Kor distriktsvennleg er det?

– Det er gjort lettingar på milliardar til bileigarane. Det er blitt billegare å eige bil under denne regjeringa.

– Å? Er det det? Eg merkar berre at dieselen er blitt dyrare, og vi har fått bompengar. Kor er det det er blitt billegare, då?

– Under denne regjeringa er det gjort endringar i årsavgifta, og ikkje minst har vi gitt store lettingar på avgifter på elbilar og ladbare hybridar.

– Ja, så eg kan få kjøpt meg ein Mercedes C350 med 300 hestar med eit avgiftsfritak på ein halv million. Veit du kor langt den går på eldrift? 15 kilometer. Det er jo nesten svindel?

– Eg er einig i at omleggingane har gitt utslag på enkeltmodellar som ser litt rare ut, men når ein ser på storseljarane, så er det dei mest miljøvennlege. Mange hybridmodellar har kort rekkevidd, ja vel, men dei fleste køyreturar er og veldig korte. Berre i år kjem det mange nye modellar, så her vil det skje ei utskifting i bilparken i stort tempo.

Artikkeltags