Vil ikkje lovfeste kor mange lærarar det skal vere

Statssekretær Magnus Thue

Statssekretær Magnus Thue Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Medan Utdanningsforbundet meiner det er 20 lærarar for lite, har departemenetet eit heilt anna syn på saka.

DEL

– Vi skjønnar ikkje talbruken til Utdanningsforbundet, uttaler statssekretær Magnus Thue i Kunnskapsdepartementet.

Han viser til at regjeringa si lærarsatsing gjeld 1.–4 klasse, og ikkje heile grunnskulen, slik Utdanningsforbundet meiner.

Vidare har dei to partane ulikt syn på kva reknestykket inkluderer, noko som gir ganske ulike tal. 

Går ut frå at kommunen brukar pengane rett

Departementet les statistikken på den måten at det har komme 16 nye lærarar i 1.–4 klasse dei siste to skuleåra. 

Men åtte av desse 16 stillingane har komme som følge av auke i elevtal og timetal, og skal såleis ikkje telje under satsinga til regjeringa. 

Dette vedgår Thue er korrekt.

Når det gjeld kommunane sin bruk av pengane, seier Thue dette:

– Vi føreset sjølvsagt at pengane til ekstra lærarstillingar til dei yngste elevane brukast i tråd med øyremerkinga frå Stortinget. Kommunane må rapportere inn om pengane er brukt til formålet, og dei som ikkje bekreftar dette vil, vil ikkje få tildelt middel i kommande år.

Regjeringa imot lovfesting av lærartettleik

Regjeringa ønsker ikkje ei lovfesting av lærartettleiken: 

– Ei slik norm vil i praksis slå svært skeivt ut og nesten utelukkande komme sentrale strøk til gode. Det er dårleg nytt for Sogn og Fjordane fordi det ikkje er nok lærarar.

Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet synest kommentarane frå departementet vitnar om kunnskapsløyse og at ei norm ikkje vil slå dårleg ut for fylket.

– Det er rett og slett visvas. Dessutan har vi stort sett nok lærarar, seier Strømsli, som meiner at regjeringa vedgår at dei har 14 lærarar for lite, når dei seier at dei har auka med åtte nye lærarar dei siste to åra.

– 170.000 medlemmer hos oss seier dette er den viktigaste saka for dei. Då synest eg det er uheldig at dette blir avvist, for vi kjenner på dette problemet kvar dag. 

Artikkeltags