Slår fylkesmannsembeta saman

Artikkelen er over 2 år gammel

Avgjerda om samanslåing av fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane passerte nettopp statsråd.

DEL

Det blir samanslåing av Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Avgjerda om dette er nettopp offentleggjort frå statsråd på Slottet i føremiddag.

Til saman ni fylkesmannsembete skal slåast saman til fire frå 1. januar 2019. I tillegg til at Hordaland blir slege saman med Sogn og Fjordane, skal Oslo og Akershus slåast saman med Østfold og Buskerud. Oppland skal slåast saman med Hedmark, og Telemark saman med Vestfold.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags