No er det klart: Hermansverk neste for Sponheim

NORDOVER: Fylkesmann Lars Sponheim i Hordaland vart i dag utnemnd som fylkesmann for den nye Vestlandsregionen, og skal halde til i Leikanger.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

NORDOVER: Fylkesmann Lars Sponheim i Hordaland vart i dag utnemnd som fylkesmann for den nye Vestlandsregionen, og skal halde til i Leikanger. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Sogn og Fjordane får hovudsetet for Fylkesmannen – og Lars Sponheim må skifte kontorstad frå Bergen til Hermansverk.

DEL

Avgjerda som oppfyller kravet Sogn og Fjordane og Hordaland saman har stilt om fylkesmannslokaliseringa vart kunngjort for dei tilsette hos Fylkesmannen, på eit allmøte i Statens Hus på Hermansverk i Leikanger, like etter at avgjerda hadde passert Statsråd. Statssekretær Kristin Holm Jensen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet var til stades på dette allmøtet, som vart overført via video til eit allmøte hos Fylkesmannen i Bergen.

Sponheim blir truleg fylkesmann

Noverande fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, blir ny fylkesmann for den samanslegne Vestlandsregionen, når den etter planen trer i kraft i 2019, og Sponheim får frå då av sitt hovudkontor i Sogn og Fjordane. Vår noverande fylkesmann, Anne Karin Hamre, vart nyleg konstituert som mellombels fylkesmann i Sogn og Fjordane fram til 1. januar 2019, då dei to fylka skal bli eitt. Deretter vil hennar tid vere omme. Ho ser no ut til å bli den siste fylkesmannen i eit sjølvstendig Sogn og Fjordane – dersom regionreforma blir gjennomført, og med den fylkessamanslåinga på Vestlandet det har blitt lagt opp til.

Statssekretær Kristin Holm Jensen sa under ein pressekonferanse like etter orienteringa på Hermansverk at Leikanger no vil bli gjort til eit endå sterkare senter.

– Politikarar frå alle parti har vore tydelege på at semja mellom Høgre og Sogn og Fjordane skal respekterast, sa statssekretæren.

Glad og letta

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Venstre, partiet som saman med KrF har ivra sterkast for å etablere Vestlandsregionen, seier ho er glad og letta over avgjerda.

– Dette er gledeleg, og det er nokså sikkert at regjeringa ikkje ville ha gjort dette, om dei meinte det var fagleg uforsvarleg, seier ho.

Stang meiner avgjerda om lokaliseringa av Fylkesmannen viser at Regjeringa kjem krava frå dei to vestlandsfylka imøte, og at ein vil sjå dette endå meir når dei nye oppgåvene etter kvart kjem.

– Føresetnadane er no på plass. Dersom parti i fylkestinget no vel å snu i regionsaka, er det av andre grunnar enn det som har vore opplyst, seier Venstre-fylkesleiaren til Firda.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) sa under pressekonferansen at fylkesmannslokaliseringa er ei ufatteleg viktig sak for Sogn og Fjordane, og at det har blitt jobba tverrpolitisk for dette.

– No er det viktig at ein er rause med kvarandre. Men eg er heilt overtydd om at dette vil fungere godt, supplerte stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V). Han såg lokaliseringa som eit prov på at det ikkje er slik at alt nødvendigvis skal hamne i Bergen.

– Ein god dag for Sogn og Fjordane, sa Frps Britt Dalsbotten.

Tore Storehaug (KrF) peika på at fylkesmannsembetet i Leikanger har bygd opp ein kultur der det går an å få til arbeidsdeling.

– Dei kulturane må vi greie å ta vare på. No må det byggast ein sterk vestlandsregion, der vi får vår del av dei statlege arbeidsplassane, sa Storehaug.

Blir vedtak om samanslåing

Avklaringa om fyllkesmannslokaliseringa kjom dagen etter at eit fleirtal i Kommunal- og moderniseringskomitéen i Stortinget gjekk inn for å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane. Denne komitéinnstillinga sikrar fleirtalet for den samanslåinga Stortinget kjem til å vedta om få dagar, mot Ap og Sps røyster. Spørsmålet som likevel står ope, er om samanslåinga kan bli oppheva, dersom haustens stortingsvalg gir regjeringsskifte og raudgrøn maktovertaking.

Fleire sentrale fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane har sett på kravet om at hovudsetet for det samanslegne fylkesmannsembetet skal vere i vårt fylke, som ein prøvestein på om Regjeringa vil følgje opp samanslåingsavtalen dei to vestlandsfylka forhandla fram. I denne intensjonsavtalen legg dei to fylkeskommunane til grunn at fylkesmannsembetet får ei organisering og regional inndeling som samsvarar med det nye folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur. Vidare føreset dei to fylkeskommunane at fylkesmannsembetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane.

Uvisse og frustrasjon

Det har rådd stor uvisse rundt fylkesmannslokaliseringa, etter at Regjeringa i mars valde å utsetje denne avgjerda. Regjeringa la då opp til at det nye embetet skal ha delt lokalisering, og at Sogn og Fjordane skal få ha om lag same tal tilsette, og ikkje færre arbeidsplassar. Men avgjerda om kvar hovudadministrasjonen skal ligge, vart førebels skyvd ut i tid. I dag kom avklaringa, som følgjer opp den lokaliseringa Hordaland og Sogn og Fjordane saman har sett som eitt av sine vilkår for å gå frivillig saman i den nye regionen.

Vestlandsregionen blir debattema under fylkestinget i Loen 13. juni. I forkant av dette murrar det i Ap, som skal ha nytt representantskapsmøte og som kan vere på veg frå ja til nei i regionsaka. Snur Ap, vil det vere nei-fleirtal i fylkestinget i dette store vegvalet for Sogn og Fjordane. Eitt spørsmål som no reiser seg, er kva innverknad gjennomslaget for fylkesmannslokaliseringa i Sogn og Fjordane får for haldningane i Arbeidarpartiet.

Artikkeltags