KrF: – Også Dale og Høyanger må få senterstatus

GRUPPELEIAR: – Det er naturleg at HAFS får sitt regionale senter i Dale, meiner KrFs Trude Brosvik.

GRUPPELEIAR: – Det er naturleg at HAFS får sitt regionale senter i Dale, meiner KrFs Trude Brosvik. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Fylkesadministrasjonen held fast på at Førde skal vere fylkessenter. Men i fordelinga av andre regionale senter i fylket verkar det framleis som HAFS-delen i sørvest er gløymd.

DEL

– Rart og unaturleg, seier KrFs Trude Brosvik, før fylkesutvalet tysdag handsamar den nye strategiplanen for senterstruktur og tettstadutvikling, og sender den ut på høyring. Målet med denne planen er å styrke tettstadane  i Sogn og Fjordane, og utvikle sterkare bu- arbeids- og serviceregionar i fylket. I samband med dette, skal det peikast ut konkrete bu-, arbeids- og servicesenter- (i planen kalla BAS-senter), ulike stader i Sogn og Fjordane.

I fylkesrådmannens framlegg blir Førde definert som fylkessenter, medan Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn, Måløy og Sandane er sett som senter i BAS-regionane. Slik det no blir lagt opp til, kan fylket dermed få to definerte senter i Sunnfjord, eitt i Indre Sogn, heile fire i Nordfjord, og ingen i HAFS.

– Vi tykkjer det er litt rart at heile HAFS-regionen (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund red. merkn.) ikkje er nemnd, og ikkje har fått definert eit regionalt senter, seier Brosvik til Firda.

Dei vidaregåande skulane

Ho seier at KrF kjem til å foreslå Dale som BAS-senter, kanskje også Høyanger.

– Begge er heilt klart senter for sine nærområde. I HAFS sitt tilfelle, handlar det om ein heil region som her blir ståande utan eit eige utpeikt senter. Eg trur denne regionen treng å ha eit tyngdepunkt i Dale, seier Brosvik til Firda.

– Men kan ikkje HAFS og Dale ha eit samspel med tyngdepunktet i Førde?

– Eg trur det er viktig å byggje opp nokre motmakter som kan vere med på å sikre at tilbod blir liggande nærare enn å vere lokalisert i Førde. Spesielt gjeld dette dei vidaregåande skulane, seier KrFs gruppeleiar.

I planen som no er til politisk behandling heiter det at sentera i BAS-regionane bør tilretteleggast for å samlokalisere handel eller tenestetilbod som krev større folketalsgrunnlag og tener større område enn den einskilde kommunen.

– I tillegg bør offentlege tenester som som tener folkesetnaden i fleire kommunar ligge i desse sentera. I dag huser sentera i BAS-regionane dei fleste av dei vidaregåande skulane i fylket. Andre døme kan vere spesialiserte helsetenester, eller offentlege kontor som politi eller skattemyndigheit. Større idretts- og kulturanlegg som tilbyr meir spesialiserte og «smale» aktivitetstilbod bør også leggast til sentera i BAS, heiter det i planframlegget.

Firda lukkast i går ikkje å kome i kontakt med fylkesrådmann Tore Eriksen eller plandirektør Synnøve Stalheim for kommentar.

Fylkessenterstatusen ligg fast frå før

Sist planen vart politisk diskutert – det skjedde i planutvalet i fjor haust – røysta fleirtalet ned fylkesrådmannens framlegg om å definere Førde som fylkessenter og Sogndal som regionsenter. Fleirtalet dengong – og der fem av sju politikarar hadde postadresse Florø – ville berre ha sju likestilte bu-, arbeids- og service-regionar.

Før den nye politiske runden held fylkesrådmannen fast på at Førde skal ha fylkessenterstatus, fordi dette allereie er heimla i strategidokument som er overordna den planen som blir laga no.

Artikkeltags