Gå til sidens hovedinnhold

Innfører maksgrense for elevar i klasseromma i barneskulen

Artikkelen er over 4 år gammel

I den ferske budsjettavtalen er dei borgarlege partia samde om å innføre ei ny grense for kor mange elevar det kan vere i klassene i barneskulen.

Den såkalla lærarnorma har vore eit stridstema under budsjettforhandlingane, og KrF har kjempa hardt for å få innført ei slik grense.

I Sogn og Fjordane har dette også vore eit tema, der lærarar fortvilar over at dei har for mange elevar å ta hand om. 

Les også:  Utdanningsforbundet: – Vi manglar 20 lærarar i Sogn og Fjordane og Vil ikkje lovfeste kor mange lærarar det skal vere

Ifølge NRK er dei fire borgarlege partia samde om å innføre ein lærarnorm som sikrar maksimalt 16 elevar i 1. til 4. klasse, og maksimalt 21 elevar i 5. til 7. klasse frå og med hausten 2018.

Frå hausten 2019 skal talet visstnok justerast til høvesvis 15 og 20.

Les også:

Semje om å fjerne maskinskatten - det råkar industrikommunane hardt

 Budsjettavtalen  som Høgre, Framstegspartiet, KrF og Venstre er blitt samde om, skal presenterast på ein pressekonferanse onsdag.(©NTB)

Kommentarer til denne saken