No skal kraftaksjegåva frå fylket fordelast. Olve & co. blir vinnarane

Den nye Sunnfjord kommune får størst andel av SFE-aksjane fylkeskommunen skal dele ut. Med same utbytestorleik som i 2018, betyr det seks friske millionar kroner i kommunekassa.