Avgjerda som låg i korta etter søknadssvikten der berre fem søkarar melde seg til tolv plassar, vart tysdag vedteken i det fylkeskommunale opplæringsutvalet. Men samstundes med dette kuttet, får Dale auka tilbodet i vg1 teknikk og industriell produksjon med ei gruppe. Dette var i samsvar med tilrådinga fylkesdirektøren hadde lagt fram, før opplæringspolitikarane bestemte neste års opplæringstilbod i Sogn og Fjordane.
Også for dei andre skulane i Sunnfjord og Ytre Sogn sin del, følgde politikarane fylkesdirektørens råd:
Flora vgs. får auka vg2 elenergi frå éi til to grupper, og Mo/Øyrane vgs. i Førde får auka vg1 helse og oppvekst frå tre til fire grupper.
Hafstad vgs. og Høyanger vgs. får ingen endringar i det opplæringstilbodet som har blitt lyst ut.

Vil auke skuletilbodet i Førde og Florø
Kommentarer til denne saken