Køyrde ut på dødsstrekning – berga av ny støypekant

Etter dødsulykka i 2015 er det bygd høgare støypekant på denne strekninga.

Etter dødsulykka i 2015 er det bygd høgare støypekant på denne strekninga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I november 2015 omkom to ungdommar på denne staden.

DEL

– Eg er sikker på at denne bilen hadde hamna i sjøen dersom det ikkje var for støypekanten, seier ein av dei forbipasserande tipsarane til Fjordenes Tidende.

Rundt klokka 17 fredag mottok Måløy-avisa fleire tips om at ein bil hadde hamna på støypekanten langs fylkesveg 618 i Selje. På denne strekninga har det blitt bygd opp ein høgare støypekant etter ulukka i 2015.

Politiet hadde ikkje kjennskap til uhellet då Fjordenes Tidende kontakta dei i går kveld.

Det lykkast ikkje å finne årsaka til dødsulykka i 2015.

– Vi er i sjokk alle saman, seier ven av dei omkomne

Artikkeltags