Vil vere garantist for statleg utflytting

PARTILEIAREN: Knut Arild Hareide (t.h.) meiner Oslo-motstanden mot utflytting skjer med grunnlause argument. Her er han i samtale med tilsynsdirektør Atle Hamar.

PARTILEIAREN: Knut Arild Hareide (t.h.) meiner Oslo-motstanden mot utflytting skjer med grunnlause argument. Her er han i samtale med tilsynsdirektør Atle Hamar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

POLITIKK: KrF-Hareide vil bruke regjeringsmakt til å få statlege arbeidsplassar ut frå Oslo – og gjerne til stadar som Førde.

DEL

KrF-toppleiinga var tysdag på Vestandsfriarferd innom Sogn og Fjordane, dels for å snakke landbruk og distrikt, dels for å bli mint om behovet for å bygge opp fleire attraktive kompetansemiljø i eit fylke som ser mange av sine høgt utdanna unge bli verande i dei store byane.

Bodskapen møtte ingen motstand i leiinga hos partiet som kan kome i nøkkelposisjon og som er ute etter å manøvrere seg til regjeringsmakt ved neste val. Partileiar Knut Arild Hareide, nestleiar Olaug Bollestad og generalsekretær Hilde Frafjord Johnson var både lyttande, nikkande og på grensa til applauderande, då direktør Atle Hamar fortalde om suksessen med å legge Lotteri- og stiftingsttilsynet til Førde, før han la heile si tyngde til eitt av dette fylkets hovudkrav: Utflyttinga av statlege arbeidsplassar må bli ein realitet, og det må ikkje berre handle om å flytte statsfunksjonar frå hovudstaden og til byar som Bergen og Stavanger. Regjeringas andre støtteparti, Venstre, feira i april at dei hadde fått til ein utflyttingsavtale med Høgre og Frp, også av eksisterande statlege arbeidsplassar, og også til mindre regionsenter. Men utflyttinga er enno ikkje konkretisert.

Oslo-snobberi

– Vi har ikkje hatt det minste problem med rekrutteringa. Førde og Sunnfjord var stort nok, sa Lotteri- og stiftingsdirektøren til KrF-toppane, som kvitterte tilbake:

– Det er naturleg at utflytting møter motstand i miljøa det gjeld. Men det handlar også om eit Oslo-snobberi, der ein trur at folk med høg utdanning ikkje vil bu andre stadar. Denne snobbekulturen må det takast ordentleg tak i, sa generalsekretær Frafjord Johnson.

– Motstanden i Oslo bygger på grunnlause argument. Det kan i alle fall skje utflytting til ein stad som Førde, kanskje også til endå mindre stadar, sa partileiar Hareide, medan fylkesleiar Trude Brosvik skaut inn at Kulturrådet vil passe som hand i hanske i det kompetansemiljøet ein har i Førde.

Regionreforma

Til Firda seier Hareide at det må følgje med meir utflytting av statlege arbeidsplassar, om regionreforma som er på gang skal gi meining.

– Køen inn til Oslo kvar morgon er lang nok, som den er. Utflyttinga vil vere ein vinn-vinn-situasjon. I dag går det føre seg ei urbanisering, men vi må ha ein politikk som ikkje berre handlar om dei store byane, seier KrF-leiaren.

– Kor sterk garantist vil du vere?

– KrF kjem til å vere ein sterk garantist for at det skal skje utflytting, og ikkje berre til dei store byane.

– Men med gi og ta i eit regjeringssamarbeid, vil vel partiet lett prioritere dei mest sentrale hjartesakene?

– Vi fekk til utflytting i Bondevik II. Det er sentrum i norsk politikk som brenn sterkast for denne typen tenking, seier Hareide.

Artikkeltags