Staten stiller opp med meir pengar til Atløysambandet enn rekna med

FASTLANDSSAMBAND: Her er det meininga å bygge sambandet som skal knyte Atløy saman med kommunesenteret Askvoll.

FASTLANDSSAMBAND: Her er det meininga å bygge sambandet som skal knyte Atløy saman med kommunesenteret Askvoll. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

ASKVOLL: Atløysambandet kan rekne med å få nær 28 mill. kroner i året i ferjeavløysingsmidlar. Det er nesten 40 prosent meir enn fylkesrådmannen har sett føre seg i reknestykka sine.

DEL

– Dette er ein monaleg auke, som reduserer dei store rentekostnadene fylkespolitikarane har sett føre seg, seier Askvoll-ordførar Ole André Klausen (H), etter å ha fått avklaringa frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Denne avklaringa gir enno ein grunn til at fylkeskommunen må stille opp med sin del av løysinga for å få dette sambandet realisert, seier han.

Rundt 500 innbyggarar på Atløy fekk håpet om fastlandssamband tent for alvor, då Atløysambandet kom inn under ordninga der innsparte ferjepengar kan nyttast til å byggje bru. Allereie i fjor var det klart at ferjekostnadene som blir spart inn når sambandet Askvoll–Gjervik forsvinn, vil kunne finansiere prosjektet innanfor dei 40 åra staten set som grense.

FERJEKVARDAG: Folket på Atløy drøymer om å sleppe å vere avhengige av ferja. Men kva tid dette vil skje, er enno uvisst.

FERJEKVARDAG: Folket på Atløy drøymer om å sleppe å vere avhengige av ferja. Men kva tid dette vil skje, er enno uvisst. Foto:

Gåva det blir for dyrt å ta imot?

Problemet er at ferjeavløysingsordninga har ei bakside. Ordninga dekkjer berre sjølve byggjesummen, og ikkje rentene på til saman fleire hundre millionar kroner. Desse må fylkeskommunen betale, og dette har gjort både fylkesrådmannen og fylkespolitikarane urolege. Dei meiner eigenfinansieringa dei første nedbetalingsåra blir så høg at det vil gå ut over andre og prioriterte prosjekt.

Her kan du lese notatet fylkesrådmannen skreiv i fjor om konsekvensane av rentebøra.

Fylkestinget sa i fjor ja til å søke om ferjeavløysingsmidlar til det tilsvarande, men mindre bruprosjektet i Ytre Steinsund i Solund. For Atløysambandet, der det siste kjende kostnadsoverslaget ligg på 1045 millionar kroner, handlar det så langt om uvisse.

Men hos Askvoll-ordføraren stig optimismen, etter at han har lese det han kallar «eit triveleg departementalt brev».

– Fylkesrådmannen har rekna med 20 millionar kroner i året i ferjeavløysingsmidlar. Departementet seier rundt 27,8 millionar kroner, og summen skal indeksregulerast. Her vil nedbetalingsperioden kome til å gå kraftig ned, og truleg bli på nokre og tjue år, seier han.

– Dette er veldig positivt. Eg satsar på at fylkespolitikarane også ser det slik, seier Klausen.

Bompengar, om nødvendig

– Men vil ikkje rentekostnaden uansett bli så høg at fylkeskommunen får problem med sin del?

– Rentekostnaden kan umogleg vere eit uoverstigeleg hinder innanfor eit stort driftsbudsjett i ein samanslegen vestlandskommune. Eg kan ikkje skjøne kvifor vi skal vere så ekstremt forsiktige. Men det er også gode moglegheiter for eit politisk gjennomslag der Stortinget tek rentekostnadene inn i ordninga. Det vil i så fall løyse heile problemet, seier Askvoll-ordføraren.

– Men blir det nødvendig, bør ein vurdere bompengar som delfinansiering av rentekostnadene. Eg er heilt overtydd om at folk på Atløy heller vil betale bompengar i ein periode, enn å sitje med ferje til evig tid, seier Klausen.

FYLKESORDFØRAREN: – Eg håpar vi kan realisere Atløysambandet, seier Jenny Følling (Sp).

FYLKESORDFØRAREN: – Eg håpar vi kan realisere Atløysambandet, seier Jenny Følling (Sp).

Følling (Sp): «Eit positivt signal»

Også fylkesordførar Jenny Følling (Sp) ser på avklaringa frå departementet som eit positivt signal.

– Dette betyr raskare nedbetaling, og reduserte rentekostnader. Men rentekostnadene vil framleis vere utfordringa. Det er også ein føresetnad at prosjektet ikkje aukar i pris. Vi kjem til å be fylkesrådmannen lage eit notat til fylkesutvalet om kva signalet frå departementet betyr for prosjektet, seier ho.

– Vil det ikkje vere ei fallitterklæring, om fylkeskommunen endar opp med å seie nei til eit prosjekt som i det lange løp er sjølvfinansierande, og der staten gir eit endå større tilskot enn rekna med?

– Eg håpar vi skal kunne realisere Atløysambandet. Det vil vere samfunnsmessig lønsamt. Den geniale måten å løyse dette på vil vere om Stortinget opnar for å legge også kapitalkostnadene inn i ordninga, for ein periode på opptil 40 år. Det er ulogisk at ikkje også rentekostnadene kan leggast inn, når byggekostnaden for Atløysambandet er nedbetalt lenge før den maksgrensa staten har sett. Vi håpar på eit politisk gjennomslag for ei slik endring av ordninga. Vestlandsrådet kjem til å ta dette opp med Stortingets samferdslekomité i juni, seier Jenny Følling.

Artikkeltags