Avsluttar 159 års eigarskap med eit telefonmøte

HISTORIE: Slik såg det ut, den gong ferjene segla med svart og raud skorstein og Fylkesbaatane enno ikkje var blitt Fjord1. Om elleve dagar er fylket heilt ute av eigarskapen.

HISTORIE: Slik såg det ut, den gong ferjene segla med svart og raud skorstein og Fylkesbaatane enno ikkje var blitt Fjord1. Om elleve dagar er fylket heilt ute av eigarskapen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Fredag velsignar fylkesutvalet at Per Sævik får ta over resten av aksjane i Fjord1. Politikarane sitt siste farvel til fylkesreiarlaget skjer i eit telefonmøte.

DEL

Mindre enn ni månadar etter at Sunnmørs-reiaren Per Sævik fekk fylkestingets ja til å kjøpe fylkeskommunens Fjord1-aksjar i ein stegvis handel, er han blitt i stand til å overta dei siste 33 prosent av aksjane. Sæviks selskap Havilafjord AS har opsjon på å kjøpe desse aksjane mellom 1. januar i år og 31. mars 2019. Sævik hentar ut opsjonsaksjane for ein kjøpesum på 303,5 millionar kroner. Oppgjersdagen er skunda fram til 22. mai.

Etter at oppgjeret då er gjennomført og aksjane overført, vil ikkje fylkeskommunen ha noko rolle i Fjord1, ut over å vere kreditor for eit avtala restbeløp som forfell 30. juni 2020.

Telefonmøte

Den på mange måtar historiske sluttstreken for eigarskapen i reiarlaget som under ulike namn og skorsteinsmerke har frakta folk på fjordane våre sidan D/S «Framnæs» vart sett i drift i 1858, kjem til å bli sett i eit telefonmøte i fylkesutvalet, leia av fylkesordførar Jenny Følling (Sp) frå eit møterom på Fylkeshuset. Bakgrunnen for denne framgangsmåten, og framskundinga av oppgjersdagen, er Havilafjords planar om å ta Fjord1 på børs.

I utgangspunktet skulle tilleggsavtalen om salet av opsjonsaksjane blitt handsama av fylkestinget, går det fram av saksutgreiinga fylkesrådmann Tore Eriksen har laga før det ekstraordinære fylkesutvalsmøtet.

Havilafjord, som no eig 67 prosent av aksjane i Fjord1, har nyleg gjennomført ein prosess der større finansielle og industrielle aktørar har delteke i ein lukka bodrunde, og fått høve til å teikne seg for inntil 49 prosent av aksjane i Fjord1. Havilafjord ønskjer for sin del å sitje att med 51 prosent av aksjane, og løyse ut resten av dei fylkeskommunale aksjane før den planlagde børsnoteringa av selskapet.

Fjord1 AS skal ha generalforsamling 16. mai. Der vil venteleg Vidar Grønnevik og Bente Nesse bli attvalde som fylkeskommunens medlemer i Fjord1-styret. Seks dagar etter, når oppgjeret er gjennomført, vil dei tre ut av styret. Frå då av, er alle fylkeskommunale hender borte frå Fjord1-rattet.

Florø-arbeidsplassane

I saksutgreiinga si skriv fylkesrådmann Tore Eriksen at Sæviks lovnader om Fjord1-arbeidsplassane i Florø står ved lag. Eriksen gir att følgjande sitat frå Havilafjord: « ... Per Sævik står ved tidligere utsagn om å forsøke å bevare arbeidsplasser i Florø også etter at aksjonæravtalen er bortfalt. Viktigheten av aktiviteten til Fjord1 AS for Florø har både han og Vegard (Sævik) stor forståelse for.»

Sæviks Fjord1-kjøp for vel ein milliard kroner i fjor markerte slutten på ein kaotisk salsprosess der fylkestinget var kløyvd i bitter strid, og der Konkurransetilsynet sommaren 2016 stogga det salet til Torghatten-konsernet som fleirtalet hadde vedteke, etter råd frå tre omstridde konsulentar.

Per Sævik og Havilafjord har allereie gjort god butikk på å eige landets største ferjereiarlag. Dei ferskaste tala, som kom i dag, viser at selskapets driftsresultat i første kvartal ligg heile 62 millionar kroner over same periode i fjor.

Artikkeltags