Færre klager på avislevering- redaktør trur folk har gitt opp å klage

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Kvikkas får færre klager på manglande avislevering, men redaktør trur det er fordi folk har resignert.

DEL

Etter at Kvikkas fekk ansvaret for å distribuere laurdagsavisene 5. november i fjor, har mange abonnentar ikkje fått avisa si i postkassa.

Til saman har dei store mediehusa fått 26.000 klager om manglande aviser. No ser det derimot ut til at situasjonen betrar seg mange stader i landet og tal på klager er no under ein prosent.

Det melder Klassekampen

Men framleis slit Kvikkas med å få levert avisene til Avisa Nordland og Firda, som er på klagetoppen.

Redaktør Ole Knut Alnæs i Tidens Krav, trur at mange av avislesarane hans har slutta å seie ifrå, og at situasjonen er verre enn den ser ut til:

For Firda og redaktør Ynge Årdal, ser dei ei betring, men meiner tala på manglande avisleveringar er altfor høge. 

– Vi tek til å resignere her, og det er kanskje farlegast av alt, seier Årdal.

Les også: Minst 800 fekk ikkje Firda laurdag, Eitt postnummer gløymde dei heilt, dei får ikkje aviser

– Fryktar du at Samferdselsdepartementet slår seg til ro med dei nye tala?

– Eg håper ikkje det, for kundane våre er fortvila. Det er utruleg krevjande for oss å stå i dialogen mellom leverandøren og kundane.

Kjell-Idar Juvik, stortings -­representant for Arbeidarpartiet har stilt spørsmål til samferdselsministeren om han vil gjere grep. Men statsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp) signaliserer ikkje at han vil ta nokon grep, skriv Klassekampen. 

Les også:  Kranglar om levering av laurdagsavisene og Avisbod-kaoset kjem til å halde fram

Artikkeltags