– Ei katastrofe for Firda og lesarane våre

Oslo  20160525.
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i spørretimen i Stortinget onsdag formiddag. stilte spørsmål i den muntlige spørretimen,  
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Oslo 20160525. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i spørretimen i Stortinget onsdag formiddag. stilte spørsmål i den muntlige spørretimen, Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Samferdselsdepartementet og statsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp) føreslår å redusere Postens ombering av post til annakvar dag – utan avisdistribusjon på «mellomdagane». 3000 postbod kan bli overflødige.

DEL

– Blir dette gjennomført no, vil det bli katastrofalt for Firda og lesarane våre, seier sjefredaktør Yngve Årdal i Firda.

I eit høyringsnotat skriv Regjeringa at Posten ville gått over til levering annakvar dag allereie i år, om dei berre skulle tatt kommersielle omsyn, skriv Fri Fagbevegelse, som først skreiv om saka.

Ikkje spesialordning for aviser

Ein reknar med at det å bere rundt post berre annakvar dag kan gje ei innsparing på 500 millionar kroner i året frå 2020, og 650 kroner i året frå 2025.

For halvanna år sidan avvikla regjeringa postombering på laurdagar. Ei spesialordning sørgde for at papiraviser som var avhengige av postdistribusjon likevel fekk avisa ut til abonnentane på laurdagar.

Regjeringa vil ikkje gå inn for ei tilsvarande ordning på dei kvardagar der postomberinga tek slutt. I høyringsnotatet viser dei til papiravisenes stadig fallande opplag, og at ei slik ordning vil bli for komplisert å organisere. Framlegget frå Regjeringa er at brevpost skal distribuerast måndag, onsdag og fredag ei veke, og tysdag, torsdag og laurdag den andre veka.

– Rammar distrikta

Sjefredaktør Yngve Årdal i Firda er skaka over framlegget. Han ser at dette vil kunne føre til ei dramatisk dårlegare avistilbod til lesarar ute i distrikta:

– Dette er eit resultat av at regjeringa ser saka med austlandsbriller. I tettbygde strok kan ein få ut papiravisene med eigne bodruter, men i spreiddbygde strøk vil ikkje det svare seg økonomisk. 

– Men det svarer seg ikkje for posten heller? det er jo difor dette blir foreslått?

– Eg ser at dette er vegen det vil gå, før eller seinare. men for veldig mange lokalaviser kjem dette på eit alt for tidleg tidspunkt. Vi har ikkje fått mange nok av abonnentane våre over på digitale plattformer. Vi må få halde fram nokre år til, før ein går til så drastiske skritt. 

Artikkeltags