Jobbar for å få på plass finansieringa av Fossesenteret

VISJONEN: Dette er ein av fleire illustrasjonar som skisserer moglege utformingar av Fossesenteret.

VISJONEN: Dette er ein av fleire illustrasjonar som skisserer moglege utformingar av Fossesenteret. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: Turistane vil sjå Vestlandet, og Gaular arbeider for å få bygd Fossesenteret som har vore ein lokal draum i mange år. Den store utfordringa kan bli å få staten med på finansieringa.

DEL

– Det står og fell med om staten stiller opp med midlar. Vi vil trenge om lag 25 millionar kroner. Så mykje pengar er det vanskeleg å hente inn gjennom sponsorar og andre lokale kjelder, seier ordførar Mathias Råheim (H) til Firda.

Pengane det står på

Tanken om eit visingssenter i fosselandskapet ved det verna Gaularvassdraget er ikkje ny, og siste åra har det vore arbeidd intenst med planane.

– Vi har kome så langt at vi no berre manglar finansieringa, seier ordføraren.

Gaular kommune har sjølv sett av fem millionar kroner til prosjektet, og Førde og Balestrand har ifølge Råheim gitt tilsegn om økonomisk støtte.

– Om ikkje lenge skal vi også ha møte med fylkeskommunen. Haldningane hos einskildpersonar der har vore svært positive, men vi treng å ha heile det politiske kollegiet i ryggen, når vi skal prøve å få gjennomslag hos staten. Det generelle inntrykket mitt er at det lokalt er ei veldig positiv innstilling til dette prosjektet. Denne haldninga møter vi også hos stortingsbenken, seier Råheim.

ORDFØRAREN: Mathias Råheim (H) ser føre seg at Fossesenteret kan bli ein plussfaktor for reiselivet.

ORDFØRAREN: Mathias Råheim (H) ser føre seg at Fossesenteret kan bli ein plussfaktor for reiselivet. Foto:

Forprosjektet for senteret var ferdig allereie i 2015. Tanken er at det skal reisast ved brua over Likholefossen, like ved den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet. Senteret skal ifølge planane vere eit presentasjons- og visingssenter for dei verna vassdraga i Norge, og vil også ha vatn i eit internasjonalt perspektiv som tema.

– Likholebrua er ein attraksjon i seg sjølv. Det planlagde bygget skal innehalde videoar og utstillingar, og både vere eit visingssenter for det verna vassdraget, samstundes som det syner fram verdien av vatn, seier ordføraren.

Auke turisttrafikken

– Kva vil Fossesenteret kunne få å seie for Gaular?

– Mellom anna vil det setje Gaularfjellet og den nasjonale turistvegen endå meir på kartet. Senteret vil kunne bidra til å auke trafikken. Men Fossesenteret skal også ha eit internasjonalt perspektiv over seg, og vise kor viktig vatnet er i den store samanhengen, seier Råheim.

Allereie før Gaular på ettervinteren presenterte fossesenterprosjektet for nabokommunane Førde og Balestrand, hadde kommunen lagt inn senteret med løyving i sin eigen økonomiplan. Statens vegvesen og Nasjonale turistvegar hadde på si side gitt tilsegn om bidrag til senteret Gaular håpar skal vere med på å gjere området til ein reiselivsmessig kraftpakke.

– Men vi treng statleg løyving. Det vil nok vere vanskeleg å samle dei pengane som trengst lokalt, seier Gaular-ordføraren.

Artikkeltags