Solberg, Grande og Ropstad skal leggje statsrådskabal

KABAL: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg møter tysdag KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad og Venstre-leiar Trine Skei Grande. Foto:

KABAL: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg møter tysdag KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad og Venstre-leiar Trine Skei Grande. Foto: Foto:

Av

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad, Venstre-leiar Trine Skei Grande og Høgre-leiar Erna Solberg møtest no for å diskutere samansetninga til regjeringa etter Frp-exit.

DEL

Dei tre møtest på Statsministerens kontor tysdag, dagen etter at Framstegspartiet kunngjorde at partiet forlèt regjeringa, melder Aftenposten. NTB får stadfesta at dei tre partileiarane møtest tysdag.

Spekulasjonane om kven som skal inn i regjering etter Frps sorti, har starta for fullt, og fleire namn er allereie nemnde.

Det er likevel høgst uvisst om dei sju statsrådane frå Frp som no forsvinn ut, blir erstatta av sju nye. Tvert imot verkar det sannsynleg at regjeringa no vil få færre statsrådar enn tidlegare.

Sveinung Rotevatn (V), Henrik Asheim (H), Tina Bru (H), Abid Raja (V), Tore Storehaug (KrF), Ida Lindtveit Røse (KrF), Hans Olav Syversen (KrF) og tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide er blant namna som har vorte nemnde i spekulasjonane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken