Samanslåinga kostar 53 mill. kroner – berre i år

SAMANSLÅING: Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman. Her er dei to noverande fylkesordførarane, Anne Gine Hestetun (Ap/H) og t.h. Jenny Følling (Sp/S&Fj).

SAMANSLÅING: Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman. Her er dei to noverande fylkesordførarane, Anne Gine Hestetun (Ap/H) og t.h. Jenny Følling (Sp/S&Fj). Foto:

Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli eitt. Billeg er det ikkje.

DEL

Ein rekneskapsrapport Fellesnemnda for samanslåinga no får lagt fram for seg viser at det så langt i år er brukt nesten ti millionar kroner på samanslåingsarbeidet. Men dette er berre 19 prosent av pengane som dette året skal gå med på å rigge overgangen til Vestland fylkeskommune. Samanslåinga trer i kraft i det nyttårsrakettane stig mot himmelen ved overgangen til 2020.

Kostar

Totalsummen som i år skal brukast på fylkesetableringa, er venta å kome opp i 53 millionar kroner. Pengebruken aukar utover hausten, når det mellom anna skal konstituerast nytt fylkesting og haldast ei rekkje andre politiske møte.

Største summane går likevel til nye IKT-system, moderniseringar og innkjøp. Desse kostnadene kjem til saman opp i 28 millionar kroner. Dette er meir enn halvparten av det som totalt er budsjettert til samanslåingsprosessen i år.

Konsulentar

Men også ulike konsulentar tener godt på at vi skal bli storfylke. Nær fire millionar kroner skal gå til konsulentane.

Heller ikkje er det billeg å skaffe seg nytt fylkesvåpen. Prislappen her? Svaret er 620.000 kroner.

Artikkeltags