Skrekkvisjonen: At fylket vårt endar som kasteball

SPENT: Frank Willy Djuvik (Frp) stod fram som sterk tilhengar av Vestlandsregionen, då Sogn og Fjordane i førre veke gjekk inn for samanslåing.

SPENT: Frank Willy Djuvik (Frp) stod fram som sterk tilhengar av Vestlandsregionen, då Sogn og Fjordane i førre veke gjekk inn for samanslåing. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Alt tyder på at Rogaland i dag seier nei til den store Vestlandregionen. – Eg håpar det i så fall blir eit fullstendig nei. Går dei vidare saman med Hordaland, har fylket vårt eit problem, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

DEL

– Bestemmer Rogaland og Hordaland seg for å danne vestlandstyngdepunktet saman, utan å ta med Sogn og Fjordane, vil det vere den verst tenkjelege situasjonen for oss. I så fall, kjem fylket vårt i skvis. Då kan det bli eit spørsmål om heile Sogn og Fjordane endar opp med å bli slege saman med dei to fylka i sør, eller om vi blir splitta opp og delt mellom Møre og Romsdal og eit samanslege Hordaland/Rogaland, seier Frps gruppeleiar i fylkestinget.

Avgjerande fylkesting

Fylkestinget i Sogn og Fjordane støtta sist onsdag med klart fleirtal intensjonsavtalen om samanslåing med Hordaland og Rogaland. Fylkestinget i Rogaland er samla i Haugesund i dag, og vil venteleg røyste ned avtalen. Fylkestinget i Hordaland har regionsaka på sakskartet i morgon føremiddag. I utgangspunktet har det der vore venta eit ja-fleirtal til trefylke-samanslåinga. Det store spørsmålet no, ser ut til å vere kva type nei-vedtak som vil kome frå Rogaland, og på kva måte Hordaland følgjer opp at Rogaland hoppar av.

Frank Willy Djuvik seier at ingen ting tyder på at partifellane hans i Rogaland vil endre meining og snu det nei-fleirtalet som teikna seg for rundt ei veke sidan.

– Spørsmålet er om Rogaland går mot heile samanslåinga, og satsar på å stå åleine, eller om dei opnar for ei samanslåing med Hordaland, utan at Sogn og Fjordane er med. Gjer Rogaland det siste, blir det i neste omgang eit spørsmål korleis fylkespolitikarane i Hordaland stiller seg til ei slik samanslåing av dei to store vestlandsfylka, med Sogn og Fjordane sett utanfor. Vårt eige fylkesting har vidare drøftingar med Hordaland som ein plan B, og eventuelt også drøftingar med Møre og Romsdal, men Møre og Romsdal har så langt lukka døra. Det som skjer i Rogaland og Hordaland, kan setje oss i skvis, seier Djuvik.

Delt fylke?

– Fører det Rogaland gjer, til at Hordaland vender seg til dei åleine, kan vi i verste fall ende som kasteball, paradoksalt nok etter at det har vore vårt fylke som verkeleg har teke tidlege initiativ for diskutere vestlandssamling, seier Frp-gruppeleiaren. Han meiner Sogn og Fjordane å så fall kan risikere ein situasjon der andre bestemmer løysingane, anten dette blir å legge Sogn og Fjordane til ein større region i sør, eller at det endar med det fylkestinget i Sogn og Fjordane har frykta mest av alt: At fylket vårt blir delt.

– Blir det slik at t.d. ein ny intensjonsavtale mellom Rogaland og Hordaland skal leggast til grunn, får vi også ein situasjon der både fond og fordelinga av funksjonar og arbeidsplassar kan bli i det blå, seier Frank Willy Djuvik.

Jokerar

Det finst også jokerar i vestlandskortstokken fylkestinga i desse dagar snur og vender på. Ein av desse er Haugalandet, som klart har signalisert at dei har blikket retta nordover. Dette kan opne for ein konstellasjon av Hordaland, inkludert området ned til Boknafjorden, pluss Sogn og Fjordane. Ein annan joker er kva som skjer på Nordmøre, der fleire kommunar vil over til den nye Trøndelagsregionen.

– Går Kristiansund og andre kommunar nordover, kan ikkje Møre og Romsdal pleie åleinegangen sin lenger. Då får vi ein interessant situasjon, seier Frank Willy Djuvik.

Sjølv er han lite begeistra for den nei-haldninga partifellane i hans i Rogaland har innteke.

– Eg tykkjer dei har blikket for mykje festa i navlen. Ein får ikkje tildelt oppgåver frå staten, ein må først danne ei eining som blir sterk nok til å ta dei oppgåvene ein vil ha. Dessutan vil ein vestlandsregion med 1,1 million innbyggarar ha tyngde nok til å verkeleg innverke på kva staten kan gjere. Men Rogaland likar tydelegvis godt å bli styrt av imperialistane i Oslo, seier Frank Willy Djuvik.

Artikkeltags