Gå til sidens hovedinnhold

Han får klar beskjed frå KrF i Stortinget: Omkampforsøket om samanslåinga er tapt

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Det blir ikkje stortingsfleirtal for å oppheve samanslåinga med Hordaland. Men Sigurd Reksnes (Sp) vil ha ny regiondebatt i fylkestinget uansett.

Senterpartiet og Aps håp om at KrFs stortingsgruppe skal bli med på å reversere vestlandssamanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, fell i grus allereie før fylkesutvalet får teke stilling til om fylkestinget skal diskutere omkamp og exit i tingseta i neste veke.

KrF einaste håp

Ei haldningsendring hos KrF har vore einaste sjanse til å få den reverseringa i Stortinget som Sp har håpa på, og som også Ap tydeleg ønskjer, etter at representantskapsmøtet i sommar endra standpunktet i fylkespartiet frå eit nokså rungande ja til misnøye og murrande motstand. Snur ikkje KrF, blir det ikkje fleirtal i Stortinget for reversering, og stortingsvedtaket om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane blir ståande.

Og KrF snur ikkje, når det gjeld samanslåinga av desse to fylka, seier Torhild Bransdal, kommunalpolitisk talsperson i KrFs stortingsgruppe.

– Vi har ingen planar om å gjere noko med samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Bransdal til Firda.

Ho stadfestar dermed at stortingsgruppa kjem til å stå på den same lina som KrF-fylkesleiar Trude Brosvik i Sogn og Fjordane har forfekta: Partiet ser ingen grunn til å oppheve den samanslåinga Sogn og Fjordane og Hordaland sjølve forhandla seg fram til, og som Stortinget vedtok 8. juni.

Trontaledebatten

Stadfestinga frå Bransdal kjem under første dag i trontaledebatten, der Sp reiser framlegg om ei generell reversering av regionreforma, medan Ap foreslår å løyse opp den store Viken-samanslåinga på Austlandet.

– I Sogn og Fjordane og Hordaland har det gått føre seg gode prosessar i begge fylka, og det ligg føre fylkestingsvedtak som tilseier samanslåing. Dette er ein region vi ikkje diskuterer i det heile. Viken-regionen er noko anna, sjølv om eg ikkje kan forskotere kva standpunkt vi kjem til å ta der, seier KrFs kommunalpolitiske talsperson.

– Men etter at Sogn og Fjordane Ap endra haldning, er det i røynda eit nei-fleirtal i Sogn og Fjordane fylkesting?

– Vi må halde oss til det vedtaket som vart gjort då saka var oppe i fylkestinget, seier Bransdal.

– Misnøya som fekk Sogn og Fjordane Ap til å snu, handlar i stor mon om at dei meiner staten gir frå seg altfor lite oppgåver. Har ikkje dei eit poeng?

– Då vil eg oppmode Ap til å jobbe for å få oppgåvene ut. Skal vi halde på så mange fylke som vi har i dag, finst det ikkje sjanse i havet til å få desentralisert oppgåver frå staten. I ytste konsekvens risikerer vi meir statleg sentralisering, seier Torhild Bransdal.

Gir ikkje opp

Sps fylkesleiar, Sigurd Reksnes, nektar å gi opp forsøket på fylkes-exit, trass i den klare beskjeden frå KrF.

– Framlegga om reversering blir reiste i Stortinget, og behandlinga vil gå sin gang utover hausten. Så får vi sjå, seier han.

– Men utan KrF blir det ikkje reverseringsfleirtal. Og bodskapen som no kjem frå KrF er vel ikkje til å misforstå?

– Det er vel litt ut frå kva Bransdal seier her og der. I Aftenposten var ho ikkje så kontant avvisande. Det er uansett viktig at vi har ei exit-moglegheit, den dagen sjansen måtte by seg.  Det er det vi vil jobbe for.

– Sp vil med andre ord ha regionsaka opp under tingseta uansett?

– Målet vårt er å få ein regiondebatt i fylkestinget 17. oktober, seier Sigurd Reksnes.

Kommentarer til denne saken