Full krangel med Hordaland om SFE-verdiane

DÅRLEG STEMNING: Fellesmøtet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane ende i full splid.

DÅRLEG STEMNING: Fellesmøtet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane ende i full splid. Foto:

POLITIKK: Idyllen mellom dei to samanslåingsfylka sprakk. Hordaland og Sogn og Fjordane er rykande usamde om fylket vårt kan gi kraftaksjane sine over til kommunane. – Hordaland har sett heile intensjonsavtalen i spel, seier Sigurd Reksnes (Sp).

DEL

Etter timar med usemje, gav Fellesnemnda mellom dei to fylka torsdag ettermiddag førebels opp å finne ei felles forståing for kva Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kunne gjere med verdiane som ligg i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Dette stridsspørsmålet må takast opp att seinare.

Ingen veit i dag kva utfallet blir, eller kva konsekvensar kraftkrangelen vil få for samarbeidsklimaet og samanslåingsprosessen.

Timar med krangel

– Hordaland har ikkje forstått kva dei gjekk inn på i intensjonsavtalen. Det seier både fylkesordførar Jenny Følling (Sp), Sps-gruppeleiar Sigurd Reknes og Høgres Bjørn Hollevik, etter at meir enn tre timar av fellesmøtet gjekk med til krangel og usemje rundt det vedtekne avtalepunktet om kraftverdiane. Resten av sakene vart gjort unna på ti minutt.

Mot slutten av møtet, og etter fleire gruppemøte, var frontane så steile at dei to fylka ikkje kunne vedta fråsegna Fellesnemnda er pålagd å sende departementet om dei to fylkeskommunane sine budsjett og årsplanar.

– Eg foreslår saka utsett, og tilrår veldig sterkt at det ikkje skal vere debatt, sa Hordalands Pål Kårbø (KrF).

– Vi godkjenner ikkje budsjett, utan at Hordaland godkjenner vår tilnærming når det gjeld SFE. Denne seansen har vore mildt sagt oppsiktsvekkande, sa Sp-gruppeleiaren i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes.

– Reaksjonen er gjensidig, svara Hordalands Tom Sverre Tomren (MDG).

I strid med lov og avtale?

Usemja mellom dei to fylka har oppstått etter at Hordalands fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) 21. februar reiste spørsmål om intensjonsavtalen under eit fylkesutvalsmøte i Hordaland.

Kårbø spurde der om Sogn og Fjordanes forsøk på sikre at SFE-verdiane blir verande i sitt eige fylke strir mot intensjonsavtalen og Inndelingslova. Då dette vart tema i fellesnemndmøtet på Hermansverk torsdag, kom gemytta i kok.

– Det var til tider svært dårleg stemning, seier Høgres Bjørn Hollevik etter møtet.

Sogn og Fjordanes fylkesordførar Jenny Følling (Sp) seier det overraskar henne at ei slik usemje kjem opp no. Ho meiner at økonomipunktet i intensjonsavtalen, som gir fylket vårt «særeige» over formue og verdiar, opnar for å kunne bruke fleire modellar, til dømes at ein gir SFE-aksjane over til kommunane.

Avtalen gir Sogn og Fjordane høve til å ha eit fond på maksimum 1,5 mrd. kroner. Følling seier dette alternativet vart lagt inn fordi det ikkje var avklara kva modell ein skulle velje.

Her kan du lese intensjonsavtalen, der punkt 7 no er blitt stridstema.

Dei reelle verdiane i SFE kan vere på meir enn fire milliardar kroner, langt høgare enn dei bokførte aksjeverdiane, og Sogn og Fjordane fylkeskommune sit med 48 prosent eigardel i energiverket. I tillegg har Sogn og Fjordane store fondsmidlar på bok.

SFE-verdiane var eitt av dei viktigaste punkta for Sogn og Fjordane i samanslåingsforhandlingane.

Hordalands Pål Kårbø (KrF) seier at dei har oppfatta fondsgrensa på 1,5 mrd. kroner som eit tak på kor store verdiar Sogn og Fjordane skulle kunne ha i særeiget sitt.

– Hordaland fylkesting har ikkje sagt ja til at den verkelege grensa skulle vere monaleg høgare enn 1,5 milliardar. Konsekvensen av det vi meiner ligg i avtalepunktet, er at resten av verdiane skal gå inn i fellesbuet. Konsekvensen av Sogn og Fjordanes syn er å gi vekk verdiar, og slik svekke fellesskapen, seier Kårbø til Firda.

– No må vi finne oss ein måte å bli samde på, seier Hordalands fylkesvaraordførar.

Følling: «Forstod ikkje kva dei signerte»

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane meiner Hordaland ikkje har forstått kva dei har vore med på å signere.

– Avtalen er klar på punktet om verdiane. Den er vedteken på fleire fylkesting. Det er Hordaland som no må ta ansvar for å lande denne saka.

Føllings partifelle Sigurd Reksnes seier situasjonen er blitt svært alvorleg.

– Intensjonsavtalen er ikkje noko ein kan seie seg usamd i deler av. Anten er ein samd i heile avtalen, eller så er ein det ikkje. Pål Kårbø har sett heile intensjonsavtalen i spel. Det overraskar meg at mannen som var Hordalands forhandlingsleiar gjer dette, seier Reksnes.

– Vi kjem til å halde fram med det vi vil gjere: Å dele ut SFE-aksjane til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Vi er krystallklare på at intensjonsavtalen gir oss høve til det, seier Sps fylkesleiar og gruppeleiar i Sogn og Fjordane fylkesting.

Også Aps gruppeleiar i fylkestinget, Åshild Kjelsnes, meiner intensjonsavtalen er klar og tydeleg. Ho seier Hordaland no får bruke litt tid til å tenkje seg om.

Hollevik: «Dei var ikkje profesjonelle nok»

Høgres Bjørn Hollevik meiner det er uryddig av Hordaland å prøve å plukke ting ut av intensjonsavtalen.

– Det har på ingen måte vore noko lureri. Det var to profesjonelle partar som forhandla, og den eine har ikkje vore profesjonell nok. Hordaland har ikkje skjøna kva dei har vedteke i to fylkesting. Eg er svært overraska over den manglande forståinga av det som vart forhandla fram, og eg er veldig spent på framhaldet, seier Hollevik.

– Kva situasjon vil vi ha, om Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje blir samde?

– Gudane må vite korleis det endar, seier Bjørn Hollevik.

Artikkeltags