Høgre går for to karakter i norsk

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Sogn og Fjordane og Hordaland Høgre fekk ikkje fleirtal for forslaget om å behalde karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskule og vidaregåande.

DEL

På Høgre sitt landsmøte fredag blei det klart at partiet går inn for å redusere talet på karakterar i norskfaget frå tre til to, ein for skriftleg og ein for munnleg. Det betyr at sidemålskarakteren forsvinn dersom Høgre får det som dei vil.

Lise-May Sæle, 3.-kandidat ved stortingsvalet, heldt innlegg til landsmøtet der ho understreka kor viktig sidemålet og nynorsken er.

– Det er ingen hemmelegheit at fjerning av karakter i sidemål betyr at Norge vil misse viktige verdiar, historie, kulturarv og kunnskap, sist men ikkje minst ein viktig identitet for mange i heile vårt langstrakte land. Det er lettvint og kunnskapslaust, sa ho mellom anna.

Sæle samanlikna dessutan sidemålssaka med den folkekjære Grandiosaen.

– Som om Stabburet skulle gå inn for å fjerne paprikaen på grandisen fordi eg meiner den er ekkel og unødvendig. Då vil dei ha svart: «me kan ikkje gjere det, for det he alltid vore hos oss og er ein viktig kulturarv og alle har godt av paprika på grandis».

Artikkeltags