Straumprisen blir meir lik

HAR SNUDD: KrF har snudd, og det ligg an til at regjeringa går på eit nettleige-tap.

HAR SNUDD: KrF har snudd, og det ligg an til at regjeringa går på eit nettleige-tap.

Artikkelen er over 2 år gammel

STRAUM: Regjeringa får no fleirtalet mot seg, og må innføre ei utjamning av nettleiga.

DEL

Det blir utfallet etter at KrF har endra standpunkt. Då energimeldinga blei behandla i Stortinget i fjor sommar, fekk nemleg Sp med seg både Ap, SV og MDG på forslaget om ei eiga utjamningsordning for nettleige. No får Sp fleirtal med støte frå KrF.

– Nettleiga skal vere basert på likeverdsprinsippet. Det er eit paradoks at nettleiga i Oslo er blant landets lågaste, mens den i Sogn og Fjordane er blant landets høgste. Derfor er eg svært glad for at KrF no har snudd, seier stortingsrepresentant Ole André Myhrvold (Sp) til Avisenes Nyheitsbyrå (ANB).

Basert på forbruk

Nettleiga, som er prisen du betaler for å få straumen fram til huset ditt, varierer i dag avhengig av kvar du bur. Den blir rekna ut etter forbruket ditt og er ikkje ei fast avgift. I og med at forskjellane er så store, har fleire teke til orde for at det må bli ei meir rettferdig ordning.

– Enkelte stader der krafta blir produsert, er nettleiga høgare fordi det er lengre avstand mellom brukarane av straum i området. Det betyr at kjempehøge rekningar veltes over på abonnentane, seier Myhrvold.

Nye moglegheiter

No krev KrF at regjeringa tek grep for å sikre ei utjamning av den omdiskuterte avgifta. Partiet la fram eit slikt forslag i Stortinget denne veka.

– Vi blei utfordra på utjamning av nettleige gjennom heile valkampen. No ser eg ingen grunn til å vente med dette, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) til NRK.

Nettleiga skal vere basert på likeverdsprinsippet.

OLE ANDRÉ MYHRVOLD, STORTINGSREPRESENTANT (SP)

– Når KrF nå distanserer seg frå regjeringa, opnar det seg nye moglegheiter for å få gjennomslag for å vri politikken i riktig retning. Dette er eit godt eksempel på dei nye politiske realitetane, påpeiker Myhrvold.

GLAD: – Eg er svært glad for at KrF går inn for ei utjamningsordning for nettleige, seier Ole André Myhrvold (Sp). Foto: Pressebilde

GLAD: – Eg er svært glad for at KrF går inn for ei utjamningsordning for nettleige, seier Ole André Myhrvold (Sp). Foto: Pressebilde

Redusert til null

Norge har tidlegare hatt ei statleg tilskotssordning som jamna ut forskjellane i nettleige. Men i løpet av fire budsjettår frå regjeringa er tilskotet, som var på 100 millionar kroner i 2013, redusert til null.

– I fjor fekk KrF redda 10 millionar kroner til tilskotspotten i budsjettforhandlingane, men dette er altfor lite samanlikna med behovet, understrekar Sp-politikaren.

Regjeringa har i lengre tid teke til orde for ein samanslåing av nettselskap. Hensikta er å redusere selskapas driftskostnadar og gi forbrukarane ei jamnare fordeling av nettleiga, har Frps Øyvind Korsberg uttalt til ANB.

Artikkeltags