Også «Kløften» i Movika har fått avslag, og departementet meiner behovet for eit magasin i Movika bør vurderast på nytt, med tanke på å samle både dei fysisk store kulturminna og alle kunstverka som musea eig, i Angedalen.

På eit styremøte i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) tysdag vart det bestemt å jobbe grundigare med planane for magasinet i Angedalen og søke på nytt neste år.

Sogn og Fjordane fylkeskommune som har Sunnfjord Museum i Movika som førsteprioritet, har derimot bestemt seg for å stå fast på søknaden for «Kløften» og søkte på nytt innan fristen 1. mars i år.

– Kan ikkje ta bygget i bruk

Les også: Redde for Kløften – mens fleirtalet torde

Les også: Desse fabrikklokala får ny eigar 

MiSF har i alt 13 ulike anlegg rundt om i fylket. Avslaget frå departementet på økonomisk støtte til investeringane i Angedalen betyr at det vil gå minst eitt år lenger før MiSF klarar å få til ei forsvarleg oppbevaring av den store samlinga si av landbruksgjenstandar, maskiner, båtar og andre store museumsobjekt.

 

For 2016 vart det rapportert at 25 prosent av gjenstandane vert oppbevart under tilhøve som vert karakterisert som «ikkje tilfredsstillande» og 33 prosent under «dårlege» forhold. Meir museumsplass er også nødvendig for å kunne handtere tilveksten til museet. 

– Vi kan ikkje ta fabrikklokalet i bruk som museumsbygg slik det står no, konstaterer administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

Investerer 33 mill. i Angedalen

MiSF kjøpte bygningen i fjor for 12,2 millionar kroner, men bygget må oppgraderast og totalt er det snakk om ei investering på 33 millionar kroner som er tenkt løyst med statlege tilskot, eigenkapital og lån.

Kulturrådet som Kulturdepartementet bygger sine vedtak på, er ut frå ei samla vurdering positiv til planane i Angedalen.

– Industribygget gir eit godt utgangspunkt for å etablere eit magasin med ein god standard. Eit fellesmagasin for museet vil ha positive ringverknader både i forhold til forvaltning av samlingane og museet som museumsfagleg organisasjon, skriv Kulturdepartementet i avslaget der dei rår MiSF til å jobb vidare med fleire punkt i prosjektet, m.a. tilstandsvurdering og prioritering av dagens samlingar og krav til sikring av heile bygget og dei enkelte magasina.

– Vi fekk avslaget frå departementet i januar, og det vart for lite til å forbetre søknaden, forklarar Aa Berge om årsaka til at dei ikkje sende ny søknad innan fristen 1. mars.

– Fordel med samling i Angedalen

Men Kulturdepartementet kjem også inn på fylkeskommunen sin plan om å bygge ut museet i Movika med prosjektet Kløften som også skal innehalde eit magasin, men då meir retta mot kunstsamlingane som krev spesielle lagringsforhold.

Kulturrådet meiner at dei to magasina kan ha fordel av å vere samla i eitt bygg.

– Dette vil innebere at industrilokala i Angedalen kan oppgraderast til fullverdige magasin for alle deler av museets sine samlingar, med god standard på sikring, klima, infrastruktur og logistikk. Denne løysinga vil vere kostnadseffektiv i forhold til ei delt løysing, skriv Kulturrådet som meiner det er behov for ei fornya vurdering av om nybygget i Movika bør realiserast med eit magasin.

- «Kløften» skal realiserast

Assisterande direktør på kultur- og næring, Ingebjørg Erikstad, seier fylkeskommunen har meldt frå innan fristen 1. mars at dei står fast på søknaden på Kløften, og at dei vil ettersende ei fornying av søknaden og svar på utfordringar som ligg der. Departementet saknar tydlegare argument for behova for nybygget, og altså om det bør realiserast med eit magasin.

 

– Ei av utfordringane er å sjå «Kløften» og fellesmagasinet Angedalen i samanheng. Det får vi ta i den runden vi skal inn i no, seier Erikstad.

– Kan «Kløften» blir skrinlagt?

– Nei, når vi no søker på nytt er det for å realisere prosjektet, seier Erikstad.

Kjartan Aa Berge føler det viktigaste er å få ei avklaring.

– Det er sterkt ønske frå museet si side å få ei avklaring.

– Kva løysing føretrekker du?

– Det er ei historie her som vi må ha respekt for. Men om korta blir lagt på nytt, så må vi vurdere situasjonen på nytt. Vi må innrette oss etter det som skjer med «Kløften», seier Kjartan Aa Berge.

Betre arbeidsforhold

«Kløften» som kløyver åsryggen i Movika, er kostnadsrekna til 250 millionar kroner. I tillegg til magasin og vere ein turistattraksjon skal den gje Sunnfjord Museum betre utstillingslokale, og ikkje minst betre arbeidsforhold for dei tilsette.

Styret i MiSF bestemte seg tysdag også for å vente eitt år før dei sender ny søknad om investeringstilskot til eit bygg for Holvik-jekta som er kostnadsrekna til 50 millionar kroner. MiSF har overtatt prosjektet frå Gloppen kommune som tidlegare har fått avslag.