Dei får årets fylkeskulturpris

PRIVINNAR: Dans Uten Grenser, her under ei opptreden i Førde sentrum.

PRIVINNAR: Dans Uten Grenser, her under ei opptreden i Førde sentrum. Foto:

KULTUR: Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser vart årets fylkeskulturprisvinnarar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dette vart samrøystes vedteke i det fylkeskommunale nærings- og kulturutvalet tidlegare i dag. Prisen, som er på 50.000 kroner, skal delast ut i samband med opninga av fylkestinget, 6. desember.

Ungdomstilbod

Dans Uten grenser Grenser er eit tilbod som set ungdom i sentrum, og som vart etablert av Ove Henning Solheim frå Førde, for ti år sidan.

 – Det er ekstra gledeleg med ein vinnar som set ungdommen i sentrum og gir dei tillit. Dei får vere med å bestemme retninga vidare, og gjennom verkstadane har vi og fått nye profesjonelle dansarar i fylket, seier hovudutvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter i ei pressemelding etter vedtaket om tildelinga.

OPPHAVSMANNEN: Ove Henning Solheim.

OPPHAVSMANNEN: Ove Henning Solheim.

Tre kandidatar var aktuelle, då kulturpolitikarane kom saman for å ta si avgjerd. I tillegg til Solheim og Dans Uten Grenser, var dette songaren Judith Vestrheim frå Sogndal og sirkusartisten Jan Ketil Smørdal frå Eid.

Grunngjevinga

Dette er kulturpolitikarane si grunngjeving for tildelinga:

– Gjennom arbeid som fritidsleiar i Rygge kommune la Ove Henning Solheim grunnlaget for «Danseverkstedmodellen» som vi i dag kjenner som Dans Uten Grenser. Han vidareførte dette arbeidet då han flytta heim til Førde i 2003, og etablerte Dans Uten Grenser Førde i tilknyting til «Skrivarløa» ungdomshus. Fylkeskommunen fatta interesse for danseverkstadmodellen som folkehelseprosjekt, og frå 2006 har det blitt etablert danseverkstader for barn og unge mellom 10 og 19 år i 13 kommunar i fylket. Dans Uten Grenser har 10 års jubileum i Sogn og Fjordane i 2016.

– Dans Uten Grenser set ungdom i sentrum. Ungdommen får vere med å bestemme, noko som bidreg til at dei tar ansvar og blir sjølvstendige. Danseverkstadane vert drifta etter ung-til-ung metodikk. 890 ungdommar har gjennomført opplæring som instruktørar desse 10 åra, og fleire tusen barn og unge har vore med på verkstadane. 100 instruktørar jobbar kvar veke frivillig med undervisning. Dans Uten Grenser har arrangert danseframsyningar og turnear både i eige fylke og i utlandet. 12 instruktørar har gått vidare og satsa på ei profesjonell dansekarriere. Dei er no ressursar for dansemiljøet i fylket, seier politikarane, og siterer kva Ove Henning Solheim skriv på nettsida til Dans Uten Grenser:

– Gje ungdom tillit. Gje dei muligheiter. Gje dei kompetanse til å vere deltakande, aktive, omsorgsfulle i sine lokalsamfunn, og det vil blomstre rundt dei.

Artikkeltags