Få KrF utmeldingar i fylket etter landsmøtekvelden

BLÅTT REGJERINGSVAL: Kjell Ingolf Ropstad tok KrF inn i det regjeringssamarbeidet fleirtalet i Sogn og Fjordane KrF ikkje ønskte.

BLÅTT REGJERINGSVAL: Kjell Ingolf Ropstad tok KrF inn i det regjeringssamarbeidet fleirtalet i Sogn og Fjordane KrF ikkje ønskte. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Sju melde seg ut av KrF i Sogn og Fjordane etter landsmøtevedtaket om å gå inn i Solberg-regjeringa. Minst éin har meldt seg inn.

DEL

Dette var ifølge administrasjonssekretær David Jørgensen status i 13-tida fredag, dagen etter at regjeringsvalet var klart. Trass i at fleirtalshaldninga i Sogn og Fjordane KrF gjekk i raud retning under dragkampane partiet gjennomlevde i fjor haust, og trass i den kontante utmeldingsreaksjonen frå 2. nestleiar Audun Mundal torsdag kveld, var det fredag ikkje teikn til nokon masseprotest.

Administrasjonssekretæren si oppteljing for Sogn og Fjordane viser sju utmeldingar sidan torsdag, inkludert Mundals farvel til partiet.

– Éin har meldt seg inn, kanskje fleire, seier sekretæren som sit med dei oppdaterte listene.

Langt frå medlemsras

I Hordaland førte landsstyrevedtaket knapt til medlemsnedgang i det heile. Der vart det registrert 20 utmeldingar sidan fredag, medan 18 har meldt seg inn.

– Eg trur ikkje det vi ser i dei to fylka kan kallast medlemsras. Utslaga ville vore tydelegare om reaksjonen hadde vore dramatisk, seier Jørgensen.

– Hordaland KrF har også hatt ein sterk medlemsauke sidan prosessen tok til. I Sogn og Fjordane har det vore meir skepsis. Dette er som venta, seier han.

930 medlemer

Sogn og Fjordane KrF har i dag rundt 930 medlemer. 42 nye medlemer har kome til i perioden sidan debatten om retningsvalet tok til i fjor haust. Rundt 50 har meldt seg ut.

Det langt større fylkeslaget i Hordaland kjem ut med netto plusstal i medlemslista. Sidan i fjor haust har Hordaland fått nær 400 nye medlemer, medan 185 har meldt seg ut. Medlemstalet ligg i dag på rundt 3150, etter at ein del medlemer som ikkje hadde betalt kontingent vart sletta ved årsskiftet, opplyser administrasjonssekretæren.

Artikkeltags