Avgjerda om dette vart teken av fylkesutvalet måndag morgon, under eit lukka møte i Førde. Bakgrunnen for striden om kraftaksjane er regionreforma og fylkessamanslåinga med Hordaland, som trer i kraft frå 2020. Fylkestinget har heile vegen vore oppteken av å sikre at verdiane som ligg i den kommunale eigarskapen i SFE-konsernet skal bli verande i Sogn og Fjordane.

Vart ikkje samde

No blir det retten som skal avgjere om BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap), som er stor medeigar i SFE, kan gjere forkjøpsretten gjeldande, dersom fylkeskommunen overfører aksjane i SFE til kommunane i fylket.

– Vi har ein modell som vi meiner ikkje rokkar ved forkjøpsretten. Den vil vi ha ei avklaring om, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til Firda.

Avgjerda om å gå til søksmål vart gjort kjend gjennom ei pressemelding etter møtet. Der går det fram at drøftingane som har vore ført med BKK ikkje har ført til semje.

Eit samrøystes fylkesting gav i desember 2016 fylkesrådmannen i oppgåve å arbeide vidare med korleis verdiane kunne sikrast, og konsultere og orientere fylkesutvalet undervegs. Det eine alternativet fylkestinget ønskte å få greidd ut, er om aksjane fylkeskommunen har i SFE kan overførast til primærkommunane i fylket før fylkessamanslåinga.

BKK har varsla at selskapet har rett til å gjere forkjøpsrett gjeldande om fylkeskommunen vel denne løysinga. Fylkeskommunen er ikkje samd i dette, og har difor drøfta ulike modellar for organisering av eigarskapen med BKK, for å unngå at spørsmålet om forkjøpsrett kjem på spissen. Fylkeskommunen vil difor prøve forkjøpsretten til SFE-aksjane for retten, går det fram av pressemeldinga etter møtet.

Ta stilling før samanslåinga

Ifølge pressemeldinga, har fylkesutvalet valt å gå til søksmål for å få ei rettsleg avklaring, slik at fylkestinget kan ta stilling til overføring av SFE-aksjar til kommunane før samanslåinga trer i kraft i 2020.

– Men kva blir situasjonen om fylkeskommunen tapar denne rettssaka, Følling?

– Vi har uansett løysinga der Sogn og Fjordane kan sette verdiar inn på fond. Men vi meiner at ein betre måte å sikre SFE-verdiane på, er å overføre aksjane til kommunane, seier fylkesordføraren.

– Det er ein absolutt føresetnad for fylkesutvalet at ei overføring av aksjar til primærkommunane ikkje må utløyse forkjøpsrett. Aksjane i SFE skal ikkje settast i spel, meiner fylkesutvalet.

Men samstundes med avgjerda om å gå til søksmål, har fylkesrådmannen samstundes fått mandat til å forhandle vidare med BKK om alternativ til ei rettsleg prøving.