No er det avgjort: Kommunen skal heite Sunnfjord

SKAR IGJENNOM: Statsråd Jan Tore Sanner (H) tok namnevalet dei fire kommunane ikkje greidde å gjere sjølve. Her er han i samtale med Førde-ordførar Olve Grotle under eit storkommunemøte i februar 2016.

SKAR IGJENNOM: Statsråd Jan Tore Sanner (H) tok namnevalet dei fire kommunane ikkje greidde å gjere sjølve. Her er han i samtale med Førde-ordførar Olve Grotle under eit storkommunemøte i februar 2016.

Artikkelen er over 1 år gammel

STORKOMMUNE: Samlinga av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal skal skje under kommunenamnet Sunnfjord.

DEL

Dette er klart, etter at Kommunal- og moderniseringsdepartementet kunngjorde avgjerda si tysdag.

– Eg håpar namnet Sunnfjord vil vere inkluderande og samlande, og skape ro slik at vi kan sjå framover, seier statsråd Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.

Departementet valde korkje «Indre Sunnfjord» eller «Førde» – dei to namna som i sommar vart spelt inn av kommunane sjølve, og som har blitt rekna som dei mest sannsynlege alternativa. Derimot henta departementet fram att namnet kommunane først hadde samla seg om i intensjonsavtalen, og som vart vedteke i alle dei fire kommunestyra – før Språkrådet kom på banen med sin skepsis, og nabokommunane Flora, Askvoll og Fjaler protesterte mot at fire kommunar skulle bruke det historiske namnet på ein større region som kommunenamn.

Her kan du lese pressemeldinga med departementets eiga grunngjeving for namnevalet.

Glad og nøgd

Grotle har ingen problem med namnet som no er bestemt.

– Det er viktig at departementet har tatt avgjerd i ei viktig og vanskeleg sak for oss. Den nye kommunen har fått eit godt dekkande, samlande, flott og stolt namn med lange, historiske røter. Eg tykkjer den politiske leiinga har gjort eit klokt, og kanskje litt modig val, seier Grotle til Firda.

Han trur valet av Sunnfjord som namn truleg vil gjere samanslåingsprosessen fram mot 2020 lettare, og at namnevalet vil styrke det gode samarbeidsklimaet.

Namnespørsmålet har lenge skapt stort engasjement og oppheita debattar, og der ikkje minst Jølster har markert sterk motstand mot tanken på å kome under kommunenamnet Førde. Også Gaular har hatt sterk motvilje mot dette, medan Førde og Naustdal begge spelte inn Førde som kommunenamn, etter å ha halde innbyggarhøyring.

Seinast måndag kveld stod Naustdals-ordførar Håkon Myrvang (Ap) fram på Firdas nettside med eit sterkt ønskje om at stor kommunen måtte få namn etter tyngdepunktet og kommunesenteret. Han vart ikkje bønhøyrd.

Førde-ordføraren lever godt med namnet statsråd Sanner og departementet har bestemt.

– Sunnfjord kommune utgjer størstedelen av Sunnfjord-regionen. Namngivinga har også ein viss parallell til namnet Vestlandet på det nye Vestlandsfylket, og som fylkestinget har støtta, seier Grotle.

Naboprotestar

– Men naboprotestane mot å bruke Sunnfjord som kommunenamn har vore sterke?

– Truleg har denne motstanden minka i Flora, den andre store kommunen i sunnfjordregionen. Flora og Vågsøy, som skal gå saman i den nye Kinn kommune, har fleire gonger teke til orde for at dei skal skape ein ny region.

– Blir det ikkje likevel litt rart, når Sunnfjord kommune blir liggande ved sida av Fjaler i Sunnfjord?

– Det er rett at sunnfjordregionen strekkjer seg lenger enn den nye kommunen. Men det går an å tenkje slik at den nye kommunen skal vere utoverretta og samarbeide utover. Ting som nemningar i postadresser kan la seg ordne.

– Gjer namnevalet at den raude løparen på mange måtar ligg rulla utover for sunnfjordskommunane Fjaler og Askvoll, slik at dei enkelt kan tre inn i storkommunen i neste omgang?

– Reint privat tenkjer eg at at Fjaler og Askvoll gjerne må sjå dette som ein invitt til å bli med i Sunnfjord kommune på eit seinare tidspunkt. Ein treng heller ikkje bu i Sunnfjord kommune for å kalle seg sunnfjording, seier Grotle.

«Går seg nok til»

Han trur meiningane ville vore delte, same kva namn som hadde blitt valt.

– Nokre ville blitt provoserte, og nokre begeistra, men denne situasjonen ville vi hatt uansett. Eg er glad for avgjerda. Tida var inne for å ta avgjerd, og vi har fått eit namn å samle oss om. Eg både håpar og trur at motviljen i nabokommunane vil forvitre. Dette vil gå seg til, seier Olve Grotle.

Artikkeltags