Hamar ønskjer å bli storkommune-ordførar

POLITISK VETERAN: Atle Hamar (V) seier han er motivert for toppvervet den nye storkommunen i Indre Sunnfjord.

POLITISK VETERAN: Atle Hamar (V) seier han er motivert for toppvervet den nye storkommunen i Indre Sunnfjord. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

INDRE SUNNFJORD: Atle Hamar seier allereie no frå om at han er interessert i å bli Venstres ordførarkandidat i den nye storkommunen.

DEL

Den tidlegare rikspolitikaren og statssekretæren – som i dag er lokalpolitikar i Jølster – kunngjorde dette på Facebook tysdag kveld, etter møtet der Jølster kommunestyre vedtok både utbygging av Vassenden skule, fleirbrukshall på Vassenden og regional fotballhall på Skei.

Hamar skreiv at han ho har bestemt seg for å vere med å byggje den nye Indre Sunnfjord-kommunen frå 2020, og at han difor stiller seg til disposisjon som ordførarkandidat på Venstre si liste til dette viktige kommunevalet.

Først ute

Valet til kommunestyret for det samanslegne Førde, Jølster, Gaular og Naustdal skjer i 2019. Hamar er først ut med å lansere seg som aktuell for vervet som storkommuneordførar.

– Eg stiller meg til disposisjon, og strekar under at spørsmålet om ordførarkandidat skal avgjerast gjennom ein demokratisk prosess i partiet. Men eg har vore med i kommunepolitikken i mange år, og er veldig motivert til å skape ein ny og god kommune frå 2020, seier Hamar til Firda.

Atle Hamar har i 17 år vore direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde, og var tidlegare distriktsarbeidssjef i Indre Sunnfjord. Han har politisk bakgrunn som leiar i Unge Venstre, og som politisk rådgivar i Samferdsledepartementet og politisk rådgivar og seinare statssekretær i Justis- og politidepartementet på 1990-talet. Han har også vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane.

I dag opplever han samanslåingsprosessen i Indre Sunnfjord frå posisjonen som kommunepolitikar i Jølster.

– Eg har fått mange spørsmål frå folk både her i kommunen og i nabokommunane om eg vil vil engasjere meg i den nye kommunen. Det vil eg. Eg ønskjer å bidra så aktivt som mogleg, seier Hamar.

– Kva meiner du blir dei viktigaste utfordringane for den nye storkommunen?

– Det må skapast ein god kultur og ei «vi»-kjensle, når fire kommunar skal bli ein. Den nye kommunen må bli den beste i Sogn og Fjordane. Indre Sunnfjord må vere ein motor i Sogn og Fjordane, innanfor både næringsliv og utdanning. Eg har hatt eit langt politisk engasjement i dette, seier han.

Hjartesaker

– Vidare må det jobbast endå tyngre politisk for å få midlane til E39-opprusting på plass innan rimeleg tid. Dette er nødvendig, om vi skal løyse dei store samferdsleutfordringane, og det er hard kamp om stamvegkronene på Vestlandet. Samstundes er det også viktig å administrere den nye kommunen godt, og gjere dei daglege tenestene så gode som råd, seier han. Indre Sunnfjord er i dag ein region som bidreg til at folketalet i Sogn og Fjordane held seg oppe. Oppvekst- og fritidstilboda må vere så gode at regionen vår blir fylkets mest attraktive å bu i. Desse tilboda betyr utruleg mykje for folk som skal flytte hit, seier Hamar, som også har ei anna hjartesak:

– Bringeland. Vi må passe på at Førde lufthamn heng med, både når det gjeld investeringar og kapasitet.

– Etableringa av storkommunen blir spennande?

– Veldig spennande. Og veldig viktig.

Artikkeltags