Sp: Vil sjå hall-søknaden frå Jølster i ein samanheng

GRUPPELEIAR: – Vi vil ha likebehandling og forsvarleg behandling av alle søknader om støtte, seier Sigurd Reksnes.

GRUPPELEIAR: – Vi vil ha likebehandling og forsvarleg behandling av alle søknader om støtte, seier Sigurd Reksnes. Foto:

POLITIKK: Fylkespolitikarane tek tysdag fatt på å diskutere søknaden om 15 millionar kroner i støtte til fotballhallen på Skei. Svaret vil kanskje la vente på seg.

DEL

Senterpartiet, som sterkast kritiserte framgangsmåten då andre idrettsanlegg i m.a. Florø fekk tildelt støtte under fylkestingseta i juni, seier dei ønskjer ein behandlingsmåte der alle slike søknader blir behandla i ein heilskap.

Utgangshaldninga hos Sp kan vere ein peikepinn på at avklaringa om fylkeskommunens haldning kanskje ikkje vil kome før under oktober-tingseta. Den skjer 19. oktober, i god tid før fristen 15. november, då Jølster må ha fått eit svar.

Nei frå fylkesdirektøren

Fylkesdirektør Jan Heggheim har på si side rådd politikarane til å avslå både denne og andre søknader om støtte til idrettsanlegg. Heggheim grunngir dette med at fylkeskommunen ikkje har sett av eigne midlar til slik støtte. Då fylkestingsfleirtalet i juni likevel valde å stille med pengar til mellom anna fotballhallen i Florø, tappa dei fylkeskommunens fond for å finne pengane.

– Vi ønskjer å sikre ei likebehandling og ei forsvarleg behandling av alle søknadene om støtte til anlegg, seier Sps gruppeleiar Sigurd Reksnes, etter diskusjonar i Sp-gruppa måndag.

Reksnes partifelle, Jølster-ordførar Oddmund Klakegg, var i juni svært kritisk til framgangsmåten fleirtalet i fylkestinget la seg på.

Ventar med avgjerd?

– Dei som søkjer skal få svar. Vi er opptekne av behandle alle søknadene på skikkeleg måte, og sjå dei i ein samanheng, seier Reknes, og legg til:

– Vi vil ha med oss dette i budsjettprosessen i haust. Det er mange som ønskjer midlar frå fylkeskommunen, og vi skuldar søkjarane å behandle dei på ein god måte.

Ifølge Reksnes, tok Sp-gruppa ikkje noko konkret standpunkt til hall-søknaden frå Skei under den første drøftinga i fylkestingsgruppa.

– Vi er innstilte på å finne ei løysing, og vi går inn med ei positiv tilnærming. Vi vil ha denne søknaden med i vidare vurderingar og snakke med dei andre partia, seier gruppeleiaren.

Artikkeltags