Jølstringane stengde døra mot Askvoll og Fjaler

Tom Erik Sandal (Sp) og Arve Dvergsdal (Ap) i diskusjonar.

Tom Erik Sandal (Sp) og Arve Dvergsdal (Ap) i diskusjonar.

Artikkelen er over 2 år gammel

Samrøystes nei frå kommunestyret.

DEL

Under dagens kommunestyremøte i Jølster, reiste gruppeleiar i SV, Jakob Andre Sandal, eit framlegg om å stengje døra for ei samanslåing med HAFS-kommunane Askvoll og Fjaler.

Det fekk han brei støtte for frå dei fleste parti. Både Venstre, Sp, og Ap var samde, medan Høgre vil framleis vente med å skyve HAFS-kommunane ut.

Etter gruppemøta var det avstemming. Den var samrøystes på alle punkt. Ja til liten Sis - Nei til å ta med fleire.

Tidlegare i vår gjekk eit stort oppmøte av jølstringane til stemmeurnene for å gi si fråsegn om ei kommunesamanslåing. Det enda med eit knapt fleirtal om å seie ja til å slå seg saman med liten-SIS-kommunane.

Dette er det brei semje om i kommunestyret.

Artikkeltags