No gir han skulen 11 mill kroner

STATSRÅDEN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) besøkte Sogndal, medan fusjonsstriden stod på. No blir samanslåinga eit faktum.

STATSRÅDEN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) besøkte Sogndal, medan fusjonsstriden stod på. No blir samanslåinga eit faktum. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HØGSKULE: Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund får 11 millionar kroner til arbeidet med samanslåinga av høgskulane.

DEL

Dette vart bestemt av Kongen i statsråd fredag, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

I vårt fylke har høgskulefusjonen vore stridstema over lang tid. Det endelege vedtaket, der høgskulestyret bestemte at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal bli med i vestlandssamanslåinga, skjedde nyleg, med ei røyst overvekt.

Fekk det som han ville

Kunnskapsministeren er tydeleg nøgd med samanslåinga han tidlegare ikkje har lagt skjul på at han ønskte at skulane skulle gjennomføre.

– Etter samanslåinga kan Høgskulen på Vestlandet sjå utdannings- og kompetansebehov i vestlandsregionen under eitt. Eg har høge forventningar til at samanslåinga gjer Høgskulen på Vestlandet godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga.

Ifølge departementet, vil den samanslegne høgskulenha god forankring i nærregionane og på dei fem studiestadene Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde. Vestlands-høgskulen skal ha som ambisjon å vidareutvikle studiestadene slik at den regionale rolla blir teken enda betre vare på enn i dag. Høgskulen vil, som ein ny fleirkampusinstitusjon, ha utdanning på masternivå på alle studiestadene.

Universitet

– Høgskulen på Vestlandet vil ha eit klart mål om å bli universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Eg støttar dette målet. Eg er også glad for at Høgskulen på Vestlandet frå starten viser eigenart ved å ha nynorsk som primærarbeidsspråk, seier kunnskapsministeren.

I pressemeldinga blir det lova at høgskulen skal leggje til rette for eit godt studiemiljø og ei god studentvelferd på studiestadene.

– Det er ein klar føresetnad at organiseringa av studentsamskipnadene ikkje svekkjer studentvelferda på nokre av studiestadene. Studentsamskipnadene har ulik storleik, men er likeverdige partar. Eg ønskjer primært at dei sjølv blir einige om korleis ei samanslåing kan bli gjennomført, og departementet vil delta i vidare dialog med studentsamskipnadene for å kome fram til gode løysingar, seier Røe Isaksen.

På bakgrunn av ønske frå høgskulane, vil Kunnskapsdepartementet velje eit interimsstyre som får fullmakt til å treffe avgjerder som gjeld etableringa av Høgskulen på Vestlandet. Departementet tek sikte på at interimsstyret kan overta som styre for Høgskulen på Vestlandet frå 1. januar 2017. Høgskulen på Vestlandet skal ha styreleiar oppnemnd av departementet og tilsett rektor.

Artikkeltags