Torbjørn Vereide flykta for mordarens kuler på Utøya. No ivrar han for å hindre utanforskap og radikalisering

– Det er heilt avgjerande at ungdom ikkje fell utanfor fellesskapen, seier Torbjørn Vereide (Ap). Snart åtte år etter at han opplevde tragedien på Utøya, er han med på å gi fylket sin eigen handlingsplan mot radikalisering.