No er Fjord1-salet til Sævik vedteke

FYLKESTINGET: Fylkespolitikarane gjekk alle for sal av Fjord1 til Havilafjord. I bakgrunnen til høgre sat Per Sævik og følgde med.

FYLKESTINGET: Fylkespolitikarane gjekk alle for sal av Fjord1 til Havilafjord. I bakgrunnen til høgre sat Per Sævik og følgde med. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Eit samla og tydeleg letta fylkesting godkjende avtalen.

DEL

Fylkestinget har for få minutt sidan samrøystes godkjent avtalen som gir Per Sævik og Havilafjord full kontroll over ferjeselskapet Fjord1. Vedtaket gir Sævik fullt gjennomslag for kravet hans om forkjøpsrett til aksjane fylkeskommunen under stor strid selde til Torghatten-konsernet i fjor haust – eit sal Konkurransetilsynet seinare la ned forbod mot. Sævik får no først kjøpe 26 prosent av fylkeskommunens aksjepost på 59 prosent i selskapet, og kan frå neste år kjøpe dei siste 33 prosent av aksjeposten. Prisen for aksjane er sett til 1,065 mill kroner.

Sp: «Ein gledens dag»

Trass i Torghatten-avtalens totalhavari, kom det inga beklaging frå partia som mot sterke åtvaringar pressa dette salet igjennom 23. november i fjor. Tvert om, snakka gruppeleiar Sigurd Reksnes i Senterpartiet no om «god timing», og om ein prosess som har auka verdiane for Sogn og Fjordane monaleg.

– Den rette tida å selje er no, når Fjord1 gjer det godt. Brukar vi salssummen til å betale ned fylkeskommunal gjeld, kan det frigjere hundre millionar kroner i året til beste for tenester til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Oppsummert, er dette ein gledens dag, sa Reksnes. Han fekk svar på tiltale frå både Alfred Bjørlo (V) og Aps Hilmar Høl:

– Då vi stod her i fjor, var Reksnes og fleirtalet klare på at salet til Torghatten var beste løysinga for Fjord1. No jublar dei over at ein har funne den beste løysinga, sa Bjørlo.

– Det er ikkje «god timing». Det handlar om at vi har blitt redda av gongongen og Konkurransetilsynet, og at vi no har med ein velvillig heidersmann å gjere, repliserte Høl.

Konsulentråd til stryk

Gunnhild Berge Stang (V) var glad for at prosessen med Sævik no har blitt mykje meir open og tillitsvekkande, Åshild Kjelsnes (Ap) snakka om konsulentråd som viste seg å ikkje stå til eksamen. Trude Brosvik (KrF) var på si side skuffa over Ap, og meinte at dei held fram med å gi næring til spekulasjonar rundt Torghatten-prosessen. Brosvik var i si tid forkjempar for salet til Torghatten. No hevda ho det same som Sp: At ein ikkje hadde fått så god pris hos Havilafjord, om ikkje ein hadde hatt prosessen med Torghatten.

Høgres gruppeleiar, Noralv Distad (H), trudde på si side at kjernen i striden som har vore, eigentleg handla om ein ville selje, eller ikkje. Distad meinte at det viktigaste no må vere å sjå framover.

Den einaste beklaginga som vart målboren i fylkestinget fredag, kom frå Stein Malkenes (MDG), som i november i fjor var sterk motstandar av Torghatten-salet:

– Eg vil beklage til innbyggarane det dei har blitt utsett for i desse ni månadane, sa Malkenes.

Malkenes varsla samstundes at Ap, V, SV og MDG vil be om ei eiga sak til oktobertinget, der ein evaluerer Fjord1-prosessen og tek lærdom av den.

Sævik til stades

Både Sævik og styreleiar Pål W Lorentzen i Fjord1 var til stades under fylkestingsmøtet, der fylkesordførar og fylkesrådmann i starten tok plass på tilhøyrarbenken, medan Sævik fortalde om seg sjølv og Havilakonsernet.

Trass i fintane dei to politiske Fjord1-frontane imellom, var stemninga under dagens ekstraordinære tingsete ei heilt anna enn i det bitre og hemmeleghald-prega dramaet då salet til Torghatten vart bestemt. Før møtetstart i dag var det smil og muntre replikkar, og fylkespolitikarar stod i flokk rundt Sævik for å handhelse på han og ønskje han velkomen til fylkestingssalen.

I motsetnad til då salet til Torghatten vart vedteke, vart denne gongen både aksjekjøpsavtale, aksjonæravtale og opsjonsavtale lagt fram som opne dokument. Kjøparen stilte i fylkestinget for å fortelje om selskapet sitt og svare på spørsmål, og heile fylkestingsmøtet vart halde for opne dører.

Godt klima

Per Sævik seier til Firda at han er veldig glad for utfallet, og for at det skjedde i eit godt klima mellom fylkespolitikarane og Havilafjord.

– Det lovar godt for samarbeidet vi skal ha framover, seier han.

– Etter Konkurransetilsynets nei til Torghatten-avtalen, sat du i røynda i ein situasjon der du kunne teke endå meir nakketak på fylkeskommunen, enn du har gjort. Kvifor gjorde du ikkje dette?

– Det har med lynne å gjere. Du skal leve og la leve. Både fylkesordføraren og fylkesrådmannen kom til forhandlingane med ei konstruktiv haldning, og det ville vere meiningslaust å tvære på at vi kom dårleg ut i førre runde. Du tel ikkje tapa på sigerens dag, seier Sævik, og slår fast:

– No blir rettssaka lagt til side for godt.

– Korleis opplevde du mottakinga i fylkestinget i dag?

–Den var positiv, slik den også var i fylkesutvalet. Slik eg tolkar den politiske stemninga, verkar det som alle føler at vi har fått til ein avtale som er tilfredsstillande for begge partar. Vi tek på oss eit viktig ansvar med å vere i førarsetet i dette selskapet. Fjord1 kan ikkje lene seg tilbake. Vi må bruke dei gode åra som er føre oss, seier Per Sævik.

Artikkeltags