No skal dei dele ut pris for å stelle kulturlandskapet

BYGDEFYLKET: Fjordar, fjell og små, velstelte gardsbruk pregar fylket vårt. Den nye prisen skal motivere til å ta vare på kulturlandskapet.

BYGDEFYLKET: Fjordar, fjell og små, velstelte gardsbruk pregar fylket vårt. Den nye prisen skal motivere til å ta vare på kulturlandskapet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Frå før blir det gitt prisar til gründarar, bygdeutviklarar, kulturpersonar og folk som driv med trafikktryggleik. No kjem ein ny pris for landskapspleie.

DEL

– Eit flott tiltak, og ein viktig pris, seier leiaren i det fylkeskommunale nærings- og kulturutvalet, Karen Marie Hjelmeseter (Sp). Tysdag sa utvalet hennar samrøystes ja til å opprette den nye Kulturlandskapsprisen, som skal finansierast og delast ut i eit samarbeid mellom Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tidlegare har både Hordaland, Møre og Romsdal og fleire andre fylke oppretta tilsvarande prisar.

Kulturlandskapsprisen blir på 10.000 kroner, og kan delast ut til gardbrukarar og grunneigarar som forvaltar miljø- og kulturlandskapsverdiane på ein særs god måte. Prisen kan også delast ut til organisasjonar, bygde- og grendelag, grunneigarlag eller andre former for fellestiltak og samarbeid. Kommunar, faglag, landbruksrådgiving og andre kan nominere kandidatar.

Fem prisutdelingar

Utdelinga skal skje under tingseta Fylkestinget held på våren, går det fram av opplegget nærings- og kulturpolitikarane samla har vendt tommelen opp for. Frå før blir to prisar delt ut under sommartinget i juni: Trafikktryggleiksprisen og Innovasjon Norges bedriftsutviklingspris i landbruket. Når fylkespolitikarane kjem saman til ting i desember, ventar to nye utdelingar. Det er gründerprisen for ungdom og fylkeskulturprisen.

– Går det ikkje snart inflasjon i prisar, Hjelmeseter?

– Eg tykkjer ikkje det. Vi har eineståande landskapstypar her i Sogn og Fjordane, og det er viktig å ta vare på dei. Tanken med denne prisen er å stimulere til det. Dessutan er det då kjekt å få dele ut prisar. Kanskje betyr det noko å bli sett, for dei som legg ned ein innsats for landskapet vårt, seier utvalsleiaren.

Nettopp ønsket om å motivere går også att i notatet der Fylkesmannens landbruksavdeling fremja tanken om å opprette denne prisen. Her blir det mellom anna peika på korleis endringar i landbruket og mindre bruk av utmarka mange stadar får landskapet til å endre karakter.

– Mange dyktige eldsjeler arbeider for at kulturlandskapskvalitetane blir haldne i hevd, skriv Fylkesmannen i notatet. Kulturavdelinga i fylkeskommunen følgjer opp, i si tilråding til tysdagens møte, og skriv at det er grunn til å trekkje fram og påskjøne dei som gjer ein stor innsats i dette arbeidet.

Motivere

– Kan ikkje denne prisen lett bli symbolikk og ei sovepute for det offentlege, der ein gir 10.000 kroner og eit handtrykk, i staden for tiltak som monnar?

– Ambisjonen her er å inspirere og å gi motivasjon. Samstundes er det ingen ting i vegen for at fylkeskommunen og private kan samarbeide om prosjekt, seier Hjelmeseter.

– Fortel det at ein opprettar denne prisen på sin måte om eit fylke der gardsbruka blir færre, og som litt etter litt gror til?

– Også klimaet gjer sitt til at kulturlandskap gror igjen. Eg trur prisen vil stimulere til at vi skal ha det fint rundt oss, og til bulyst. Vi vil i alle fall prøve dette tiltaket, seier Karen Marie Hjelmeseter.

Artikkeltags