Nær 5.000 arbeidsplassar foreslått flytta til fylkeskommunane

NYE OPPGÅVER: Leiar i ekspertutvalget for regionreformen, Terje P. Hagen, overleverte rapporten til kommunalminister Monica Mæland (H) torsdag.

NYE OPPGÅVER: Leiar i ekspertutvalget for regionreformen, Terje P. Hagen, overleverte rapporten til kommunalminister Monica Mæland (H) torsdag. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Eit ekspertutval foreslår å overføre nær 5.000 arbeidsplassar til fylkeskommunane. Bufetat og IMDi er blant fem statlege etatar som blir foreslått nedlagt.

DEL

Eit ekspertutval foreslår å overføre nær 5.000 arbeidsplassar til fylkeskommunane. Bufetat og IMDi er blant fem statlege etatar som blir foreslått nedlagt.

Utvalet foreslår endringar som samla sett vil medføre at 23,5 milliardar kroner blir overført frå statlege institusjonar til fylkeskommunane.

Omfattande

Nedlegging av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) rører ved 3.600 årsverk. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) utgjer 245 årsverk.

Også Statleg pedagogisk teneste (Statped) blir foreslått nedlagt og overført – noko som rører ved 745 årsverk. I tillegg kjem nedlegging av Kompetanse Norge (tidlegare VOX) med 95 årsverk, Selskapet for industrivekst (SIVA) med 45 årsverk og Kompetansesenter for distriktsutvikling med 25 årsverk.

Forslaga omfattar endringar innan nær sagt alle forvaltingsområde, med størsteparten innan næring, innovasjon og forsking, kultur, samferdsel og integrering og barnevern.

Utvalet vil flytte halvparten av Innovasjon Norge til fylkeskommunane. Statped blir foreslått delt ved at PPT-oppgåver blir flytta til fylkeskommunane, mens andre oppgåver blir flytta til Utdanningsdirektoratet. Elles omfattar forslaga endringar som spenner frå Nav, Bane Nor og Kulturdepartementet – til fordeling av spelemidlar til idrettslag og bibliotek.

– Viktige innspel

Utvalet har vore leidd av professor Terje P. Hagen ved Universitetet i Oslo. Rapporten vart overlevert kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) torsdag. Ho seier at utvalet har gjort eit grundig arbeid, og at dei kjem med viktige innspel.

Rapporten blir no sendt på høyring med ein frist på seks veker.

– Oppfølginga av forslaga frå utvalet vil vi sjå i samanheng med dei prosessane vi allereie har gåande for å vurdere nye oppgåver til fylkeskommunane, seier Mæland.

Artikkeltags