Ho er sikker på at hjelpe-millionane kjem til fylket

OPTIMIST: KrFs Trude Brosvik trur på gjennomslag, denne gongen også. T.h. partifellen Jon Olav Kvamme.

OPTIMIST: KrFs Trude Brosvik trur på gjennomslag, denne gongen også. T.h. partifellen Jon Olav Kvamme. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: For fjerde gong står KrF og Venstre saman om å krevje at regjeringa skal auke tapskompensasjonen til fylket. Trude Brosvik (KrF) er sikker på at det blir gjennomslag denne gongen også.

DEL

– For det første har vi greidd å få Høgre og Frp med på auke tre gonger tidlegare. No handlar det om ei oppfølging. Dessutan har Høgre her i fylket vore tydelege inn mot sine eigne, og gitt beskjed om at opptrappinga må kome, seier KrFs fylkesleiar og gruppeleiar i fylkestinget.

Opptrappinga det handlar om, gjeld neste år 22,5 ekstra millionar kroner, ut over den kompensasjonen som allereie er lagt inn. Pengane skal dempe utslaga av den omlegginga staten for få år sidan gjorde i det fylkeskommunale inntektssystemet. Fylkespolitikarane har sukka over lange lister med små og store innsparingstiltak, lagt ned bussruter og tannklinikkar, men så langt vegra seg mot grep som å redusere brøyting og vegvedlikehald. Dei vil heller ikkje røre skulestrukturen. Det dramatiske inntektsfallet var ein av grunnane til at fylkespolitikarane selde aksjane i Fjord1 for å frigjere kapital som kunne få ned lånegjelda.

Skular, ferjer, bussruter, kultur

Sjølv om regjeringspartia også denne gongen skulle gå med på å skru tapskompensasjonen til vêrs, handlar det om år med smalhans. Fylkesrådmann og politikarar kryssar fingrane for å få først dei 22,5 millionar kronene neste år, og deretter 45 millionar kroner året etter. Sjølv med denne opptrappinga i boks, må fylkeskommunen likevel kutte 150 millionar kroner på eigen kjøl. Dette vil uansett merkast i ting som ferjedrifta, dei vidaregåande skulane og i kulturtilboda.

Brosvik meiner det burde vore unødvendig med ein ny runde om tapskompensasjonen i forhandlingane om statsbudsjettet:

– Desse pengane er kjempeviktige for Sogn og Fjordane. Det provoserer meg at vi må bruke av forhandlingskapitalen vår for å få dette på plass igjen. Høgre og Frp burde teke eit signal. Eg føler meg sikker på at vi vil få til opptrappinga, men faren er at forhandlingane blir så prega av dragkampar om avgiftene på bensin og diesel, at ein gløymer resten, seier ho.

Tospann

I det alternative statsbudsjettet sitt har KrF sett av 60 millionar kroner til dei fylkeskommunane som kom dårlegast ut av endringane i inntektssystemet. Også Venstre prioriterer opptrappinga av tapskompensasjonen høgt. Begge partia legg vekt på at ein med 22 millionar kroner meir til fylket slepp å ta dei mest dramatiske kutta innanfor m.a. samferdsle og skule.

Fylkesrådmann Tore Eriksen har heile tida sett på opptrappinga av tapskompensasjonen som svært viktig for å få redusert inntektstapet til eit nivå som det – sagt med hans eigne ord – kan vere mogleg å handtere.

Artikkeltags