Har prøvd å kome seg ut av fjordhestsenteret i ti år

AKSJAR PÅ STALLEN: Fylkespolitikarane blir ikkje kvitt aksjane i fjordhestsenteret. Dette er (f.v.) Aleksander Øren Heen (Sp), Trude Brosvik og Jon Olav Kvamme (KrF) og fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

AKSJAR PÅ STALLEN: Fylkespolitikarane blir ikkje kvitt aksjane i fjordhestsenteret. Dette er (f.v.) Aleksander Øren Heen (Sp), Trude Brosvik og Jon Olav Kvamme (KrF) og fylkesordførar Jenny Følling (Sp). Foto:

FYLKET: Ingen vil kjøpe aksjane fylkeskommunen har i Norsk Fjordhestsenter på Eid.

DEL

Ti år etter at fylkestinget første gongen snakka om å avvikle eigarskapen i Norsk Fjordhestsenter, og etter konkrete forsøk over fleire år på å gjere det, sit fylkeskommunen framleis utan kjøparar til fjordhestaksjane.

Dette går fram av eigarmeldinga som fylkesutvalet får lagt fram for seg onsdag, og som seinare skal til endeleg handsaming i fylkestinget.

I årets eigarmelding slår fylkesrådmann Tore Eriksen fast at situasjonen ikkje har endra seg sidan hausten 2017, då fylkeskommunen også sat med fjordhestsenter-aksjar ingen andre ville ha.

– Det har ikkje vore utvikling i saka, skriv Eriksen til fylkespolitikarane.

Alt i 2008 gjorde fylkestinget vedtak om å gå i forhandlingar med Eid kommune og Norsk Fjordhestlag om eit eventuelt sal eller avvikling av eigarskapen. Desse to andre aksjonærane var først positive til å kjøpe, men salet vart ikkje noko av.

I 2014 skjedde eit nytt forsøk på å kome seg ut av eigarskapen i fjordhestsenteret, men enno ein gong vart forsøket resultatlaust.

To år seinare kom fylkesrådmann og politikarar til at det ville bli vanskeleg å finne andre kjøparar enn dei to andre aksjonærane, fordi vedtektene ikkje opnar for å dele ut utbyte. Men å endre vedtektene, eller å gi bort aksjane utan vederlag, har ikkje vore aktuelt.

I fjor haust sat fylkespolitikarane framleis og heldt stalldøra open for ein mogleg kjøpar. Og det gjer dei framleis.

Artikkeltags