Gahr Støre vil ikkje reversere fylkessamanlåinga

UEINIGE: Ingrid Heggø (t.h.) sa i juli at Sogn og Fjordane og Hordaland vil fortsette som eigne fylke viss Ap og Sp kjem til makta. Jonas Gahr Støre derimot (i midten) kjem ikkje til å støtte ei reversering av samanslåinga.

UEINIGE: Ingrid Heggø (t.h.) sa i juli at Sogn og Fjordane og Hordaland vil fortsette som eigne fylke viss Ap og Sp kjem til makta. Jonas Gahr Støre derimot (i midten) kjem ikkje til å støtte ei reversering av samanslåinga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITIKK: Leiaren i Arbeidarpartiet støttar ikkje partifellane i Sogn og Fjordane.

DEL

Ingrid Heggø, førstekandidat for Sogn og Fjordane Ap, sa i eit intervju i Bergens Tidende tidlegare i sommar at om Ap og Sp kom i regjering, ville Hordaland og Sogn og Fjordane fortsette som eigne fylke, men ha døra for samanslåing på gløtt.

Til BT denne veka seier Gahr Støre at vedtaket om samanslåing må stå, ettersom det er det dei to fylkestinga har vedteke.

– Eg er kjempeglad for å høyre dette, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), til avisa.

– Det er kjempeviktig at Støre no går inn og velsignar samanslåinga som er gjort, og at han ikkje ser noko behov for omkamp, legg ho til.

– Eit makkverk

Her i fylket seier Hilmar Høl, Ap sin andrekandidat, at dei tek signala til partileiaren til etterretning.

– Vi aksepterer dette ut frå at vi var med på å stemme for ein intensjonsavtale, seier han.

Samstundes legg han ikkje skjul på at han er sur på heile prosessen.

– Det er eit makkverk av ei reform. Vi gjekk inn i det av frykt for å bli slått saman med tvang, men regjeringa har ikkje levert som dei lova på oppgåver. Sogn og Fjordane står igjen som taparar, seier han.

Vil ha omkamp

Det som eventuelt kan reversere fylkessamanslåinga, er viss Sp i eventuelle regjeringsforhandlingar klarar å presse igjennom sitt syn.

– Vi vil at fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane skal få ta eit nytt val, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum til BT.

Han meiner det er ei uvisse rundt vedtaket, og at det då er mest ryddig at fylkestinga får gjere ei ny vurdering.

Artikkeltags