Kjetil Felde (Sp) er ny ordførar i Fjaler

SKAL SAMARBEIDE: Leif Jarle Espedal (Ap), Kjetil Felde (Sp) og Joakim Janninge (SV).

SKAL SAMARBEIDE: Leif Jarle Espedal (Ap), Kjetil Felde (Sp) og Joakim Janninge (SV). Foto:

DEL

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er samde om fordeling av verv og politisk plattform for dei neste 4 åra i Fjaler.

Det melder Fjaler Arbeidarparti på Facebook.

Avtalen betyr at Kjetil Høgseth Felde (Sp) blir ny ordførar, medan Leif Jarle Espedal blir varaordførar. Senterpartiet får to plassar i formannskapet, medan Ap og SV får ein kvar, skriv partiet.

– Vi har fått på plass ein god avtale som sikrar gjennomslag i fleire viktige saker for oss, og ser fram til eit godt raud-grønt samarbeid i åra som kjem, seier påtroppande varaordførar, Leif Jarle Espedal.

Artikkeltags