«Eg er stolt av Engebøvedtaket»

Monica Meland serier  ho ser fram til at Engebøporsjektet kjem i gang.

Monica Meland serier ho ser fram til at Engebøporsjektet kjem i gang. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Næringsministeren ber aksjonistar tenkje seg om.

DEL

Næringsminister Monica Mæland (H) er så stolt av regjeringas ja til gruveprosjektet i Engebøfjellet, at ho har ei flaske med Engebø-vatn ståande ved sida av byflagget til Bergen.

Dette fortalde statsråden då ho helsa Høgres fylkesårsmøte i Loen laurdag førmiddag – til applaus frå delegatane.

Våge å ta avgjerder

– Det var meint som ein protest, då dei sende Engebø-vatnet til meg, men eg har det ståande med stoltheit, sa Mæland, og la til:

– Dette handlar om å skape industri og arbeidsplassar. Du må våge å ta avgjerder, og det gjer vi, sa næringsministeren, som heldt opningsinnlegget under fylkesårsmøtet.

Engebøprosjektet, der Nordic Mining planlegg storstilt utvinning av mineralet rutil, er venta å gi 150 arbeidsplassar. Prosjektet er svært omstridd, særleg på grunn av at inntil fire millionar tonn finmalt og kjemikalieblanda avfallsmasse årleg skal dumpast i Førdefjorden over ein periode på 50 år. Aksjonistar frå Natur og Ungdom lenka seg nyleg fast over ein periode på fleire veker, for å hindre utbyggarane i å drive prøveboring på toppen av Engebøfjellet.

Demokratisk vedtak

Monica Mæland seier til Firda at ho har forståing for at det er delt syn på prosjektet, men ber motstandarane godta vedtaket som er gjort, og avstå frå denne typen aksjonar.

– Dei bør belite seg, når vedtak er gjort på demokratisk vis. Eg oppmodar dei til å halde seg til at avgjerda er teken, seier Meland.

– Eg er glad for avgjerda. Gruva er viktig for verdiskapinga, og gir viktige arbeidsplassar. Eg ser fram til realiseringa av prosjektet, seier næringsministeren.

Mæland fryktar ikkje

– Du legg vekt på nærings-effektane av Engebøgruva. Men havbruksnæringa, som er tungt representert i området, er svært uroleg, og fryktar mellom anna å bli råka av omdømetap. Er ikkje det eit tankekors?

– Desse vurderingane er ein del av avgjerdsgrunnlaget. Den venta verdiskapinga av gruva er mykje større enn frå havbruksbedriftene, og eg meiner fordelane overstig ulempene. Vi har også stilt dei strengaste miljøkrava som er blitt gjort nokon gong. Eg trur ikkje Engebøprosjektet vil få dei konsekvensane nokon meiner det vil, seier Monica Mæland.

Mjømen: «Vårt Mongstad»

Også avtroppande fylkesleiar Arve Mjømen hadde store voner til Engebøprosjektet, då han heldt årsmøtetalen laurdag føremiddag:

– Dette er eit stort industritiltak som vil føre til ei ny tid med vekst. Eg er overtydd om at Engebø vil bety det same for Sogn og Fjordane, som Mongstad for Nordhordlaland, sa Mjømen, og la til:

– Eg tykkjer det er svært rart at ein kan demonstrere mot eit tiltak som vil gi 300 til 500 arbeidsplassar, sa Mjømen.

Den avtroppande fylkespartileiaren beklaga at ungdomspartiet og leiaren Amanda Solvåg måtte slite med Engebøvedtaket.

– Men denne saka var for viktig for Sogn og Fjordane til å tape, sa Arve Mjømen under fylkesårsmøtet.

Artikkeltags