Følling (Sp): – Vi har ikkje forplikta oss til å la BKK overta kraftverk

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) avviser at fylkeskommunen er villig til å overdra kraftverk i Sogn og Fjordane til BKK, mot at BKK sel seg ut av Sogn og Fjordane Energi (SFE). Men Følling stadfestar at kraftverk har vore tema i forhandlingane.