Partileiaren vil ta kampen for barnehus i fylket

VENSTRE: Trine Skei Grande (leiar), Alfred Bjørlo, Gunhild Berge Stang og Ola Elvestuen

VENSTRE: Trine Skei Grande (leiar), Alfred Bjørlo, Gunhild Berge Stang og Ola Elvestuen Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

POLITIKK: Venstre sitt landsmøte har vedtatt ein uttale frå Sogn og Fjordane Venstre om å sikre barnehus i Sogn og Fjordane.

DEL

Barnehus er til for barn og unge som er utsette for alvorlege handlingar som seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar. I dag finst det ikkje barnehus i fylket, og dei som treng tilbodet må reise til Bergen eller Ålesund.

I verste fall, skriv partiet, kan barn måtte avhøyrast i vanlege avhøyrslokale framfor dei som er tilrettelagde for barn. Venstre er uroa over konsekvensane dette kan få for barn som er utsette for traume.

Partiet ser føre seg ei ordning knytt opp mot sentralsjukehuset i Førde.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken