Frida Melvær har fått plass i justiskomiteen

Frida Melvær

Frida Melvær Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Stortingsgruppa til Høgre har i dag fordelt oppgåver og komiteverv.

DEL

– Eit sterkt lag med både erfaring og fornying.

Det skriv Høgre i ei pressemelding, der det går fram at Frida Melvær frå Askvoll blir å finne i Stortingets justiskomité, saman med Guro Angell Gimse og fraksjonsleiar Peter Christian Frølich.

I dag vart det klart korleis stortingsgruppa til Høgre skal fordele oppgåver og komiteverv i dei neste fire åra. – Høgre-gruppa er eit sterkt lag med både erfarne politikarar og nye talentfulle tilskot til norsk rikspolitikk, seier Trond Helleland i pressemeldinga frå Høgre.

Det er allereie klart at Helleland sjølv held fram som parlamentarisk leiar. I dag vart det klart at parlamentarisk nestleiar Nikolai Astrup skal leie Høgres fraksjon i Stortingets finanskomite.

Les også: Han er Askvoll sin nye ordførar

Artikkeltags