Politiet vil ha tips om dødsulykka på Hornelen

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Politiet ser på fallulykka som ei rein ulykke, men vil avhøyre fleire vitne før dei vil konkludere med noko.

DEL

– Vi vil gjerne vite om det finst nokon direkte vitne til hendinga, eller folk som har opplysningar til saka, seier etterforskingsleiar Espen Gulliksen ved Bremanger lensmannskontor.

Dei som har opplysningar, kan ringe Bremanger lensmannskontor på telefon 57796630 eller 02800.

Gulliksen seier politiet allereie har fleire personar til avhøyr.

– Vi har nokon namn, og dei avhøyrer vi. Det er ikkje sikkert det finst fleire vitne til ulykka enn desse, men i så fall ønsker vi kontakt med dei, seier han.

Politiet har allereie avhøyrd eit par av vitna sine. Gulliksen seier det er for tidleg å seie noko om kvifor kvinna fall.

– Eg kan ikkje seie noko førebels, vi har ingen konklusjon. Men så langt ser vi på det som ei rein fallulykke. Vi mistenker ikkje noko anna heller, men vi er nøydd, i den grad det er mogleg, å få kartlagt det som har skjedd, seier Gulliksen.

Artikkeltags