Frigir namnet på den omkomne i ulykka i Flåm

DEL

Politiet skriv i ei pressemelding at det var Nina Møgster frå Flåm som omkom i trafikkulykka på E16 ved Flåm fredag 1. november.

Namnet er frigjort i samråd med dei pårørande.

Politiet legg til at dei ikkje kan gje ytterlegare kommentarar i saka på det noverande tidspunkt.

Saka vert etterforska av lokalt politi i Aurland.

Kvinne mista livet i trafikkulykke i Aurland

Artikkeltags