Politiet: – Får du telefon frå 112, ikkje ta telefonen

Politiet si nettpatrulje åtvarar mot svindel.

DEL

Operasjonssentralen i Sør Vest har fått fleire telefonar frå innbyggarar som har blitt ringt opp frå 112.

Dette ser ut til å vere svindel, og politiet har varsla vidare. 112 er naudnummeret til politiet, men det er eit nummer det aldri blir ringt frå.

Politiet ringer aldri frå 112, understrekar dei.

Politiet ber folk som blir ringt opp frå dette nummeret om ikkje å ta telefonen.

Så langt har problemet vore størst i Stavanger-området, men det kan fort spreie seg til heile landet.

Artikkeltags