Jordras tok ein bil i Sogn, men føraren kom seg unna

DEL

Natt til onsdag gjekk det eit jordras over Fv. 55, Lustravegen. Politiet fekk melding om raset klokka 05.48.

– Ein bil som har køyrt i raset, og det var ein person i bilen. Det er ikkje meldt om personskade, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Raset skal vere 20 meter breitt og 30 centimeter høgt, og bestå av jord, vatn og stein.

Entreprenør og bilbergar er på veg, seier Knappen.

Ut over dette melder Knappen om ei stille og fredeleg natt for politiet sin del.

Artikkeltags