Fleire slagsmål i Nordfjord i natt

Både på Nordfjordeid og i Stryn var det slagsmål natt til laurdag.

DEL

– Klokka 03.08 fekk vi melding om slagsmål på lastebilparkeringa i Stryn. Ein mann hadde blitt lagt i bakken. Totalt var det to eller tre personar som slåst. Ein mann som er mistenkt i saka skal ha falle og slått hovudet i asfalten, seier operasjonsleiar Per Algerøy ved Vest politidistrikt.

Mannen som var skadd og mistenkt vart køyrd til sjukehus.

Alle dei involverte i denne hendinga skal vere menn i 20-åra, ifølge operasjonsleiaren.

Det var også to andre slagsmål i Stryn tidlegare same kveld:

– Klokka 01.20 fekk vi melding om slagsmål og ordensforstyrring. Ingen vart skadde, men politiet vil ta kontakt med dei involverte i ettertid, seier Algerøy.

Klokka 00.30 rykte politiet ut på grunn av småknuffing ved Stryvo-bygget i Stryn. Der vart det ikkje oppretta sak.

Barslagsmål

Også på Nordfjordeid var menn i 20-åra involvert i slagsmål:

– Ei dørvakt skal ha fått eit glas i hovudet. Dørvakta er sendt til legevakta. Ein annan person fekk eit lite kutt over auget. Dette vart stripsa og ordna på staden. Dei mistenkte vart vist vekk frå staden. Det vert oppretta sak på dette, seier operasjonsleiaren.

Elles i fylket har det gått stille og fredeleg føre seg natt til laurdag, ifølge Algerøy.

Det einaste andre tilhøvet som er registrert skal vere nokre knuste ruter på eit busskur i Florø.

Artikkeltags